Rognkjekse som har utvikla sjukdomen spironukleose. Legg merke til dei mørke flekkane på levra. Foto: Egil Karlsbakk / HI
Publisert: 22.01.2026
Tidlegare trudde ein at den alvorlege sjukdommen spironukleose berre råka laksefisk.
– Overraskinga var stor for nokre år sidan, då rognkjekse i eit lakseanlegg med spirosmitte, vart sjuk. No stadfestar forsøka våre at rognkjeksa kan bli smitta av spiroparasitten og utvikle akutt og alvorleg sjukdom.
Det fortel havforskar Bjørn Olav Kvamme.
– Resultata betyr at ein ikkje kan bruke rognkjekse som reinsefisk for lakselus på anlegg der det er utbrot av spironukleose, seier han.
Laks og rognkjekse er ikkje naturlege partnarar i det fri, og oppheld seg sjeldan på dei same plassane.
– Difor er det nok sjeldan moglegheit for smitte mellom dei i naturen. Men når du plasserer dei saman i oppdrettsanlegg, kan du altså få denne typen smitte mellom svært ulike artar, seier Kvamme.
Han meiner det gir grunn til bekymring at fleire artar kan vere vertar for parasitten:
– Eitt lite lystig scenario er til dømes at pukkellaks vert smitta og spreier parasitten langt av garde på sine vandringar.
Forskarane gjorde to ulike forsøk der dei tilsette parasittar i kar med rognkjekse.
Det første forsøket ga lite smitte, så vilkåra i karet vart endra litt i andre runde: Meir parasittar, lågare saltinnhald i vatnet og mildare forbehandling av parasittane for å sikre at dei var «alive and kicking».
– Då vart det mykje smitte og mykje akutt sjuk rognkjekse i løpet av kort tid, fortel Kvamme.
Ein høg del av fiskane fekk systemisk spironukleose, der sjukdomen er til stades i heile kroppen.
– Det kan òg sjå ut til at konsekvensane av infeksjon er meir alvorlege og kjem raskare hos rognkjekse enn hos laks, seier Kvamme.
At forskarane endra saltinnhaldet i forsøk nummer to, har samanheng med funn frå masteroppgåva til Maiken Helsø.
– Arbeidet hennar på UiB og HI viste at eit saltinnhald på 10 promille er best for parasitten Spironucleus salmonicida. I det første forsøket hadde vi brukt 25 promille, så denne endringa kan ha bidratt til at resultatet vart annleis, seier Kvamme.
Rognkjekseforsøka var del av eit større, treårig forskingsprosjekt – SpiroFri – som nyleg er avslutta.
Bakgrunnen for prosjektet var eit stort utbrot av spironukleose i Finnmark, som kosta oppdrettarane rundt ein milliard.
– I prosjektet har vi laga ei omfattande kunnskapssamanstilling som gir eit godt grunnlag for å førebyggje og handtere både parasitten og sjukdomen. Sluttrapporten vil vere et referanseverk av stor nytte for vidare forsking og for avgjerder i næring og forvalting, seier Kvamme.
Det er mellom anna dokumentert at parasitten Spironucleus salmonicida ikkje overlever lenge fritt i verken ferskvatn eller veldig salt vatn (fullt sjøvatn).
– Det er eit viktig funn for risikohandtering av smitte mellom anlegg i sjø, seier forskaren.
Nofima har påvist at desinfeksjon med UV-stråling kan ta effektivt knekken på parasitten. Men dosen må vere betydeleg høgare enn det som er kravet til settefiskanlegg i dag.
Forskinga har òg vist korleis ulike laksefiskar taklar parasitten. Aure og røye kan bli smitta av parasitten og fungere som smitteberarar, men vert i motsetnad til oppdrettslaksen mindre eller ikkje sjuke.
Sjå også: Sjøaure kan overføre farleg parasitt til oppdrettslaks
– I sum gir forskinga grunnlag for målretta overvaking og risikoreduserande tiltak, og dermed også for betre fiskehelse og mindre risiko for tap i næringa, seier Kvamme.
Sjølv om SpiroFri har gitt eit stort sprang i kunnskapen om spironukleose, meiner Kvamme det er viktig å forske meir på lakseparasitten:
– Vi treng mellom anna enda betre oversikt over kor parasitten finst og korleis han smittar.
SpiroFri er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF).
Samarbeidspartnarar i prosjektet har vore Nofima, Veterinærinstituttet, PSK v/Erik Sterud, Grieg Seafood ASA, Universitetet i Uppsala og HI.
Bjørn Olav Kvamme m.fl.: «Fagleg sluttrapport – Spironucleus salmonicida-infeksjoner og spironukleose i norsk akvakultur: smitteveier, vertsspekter og forebygging». Rapport fra havforskningen 2026-4
Bjørn Olav Kvamme m.fl.: «Smitteforsøk med Spironucleus salmonicida på rognkjeks og laks». Rapport fra havforskningen 2025-65
Egil Karlsbakk m.fl.: «Spironucleus-infeksjoner og Spironucleose hos laks – En kunnskapsoppsummering». Rapport fra havforskningen 2025-59