Gå til hovedinnhold

Økosystemtoktet: Beskjedne registreringar av lodde i Barentshavet


Tre kvinner i arbeidstøy og hansker står rundt et sorteringsbord, der det ligger veldig mye lodde

Lodde blir prøveteke med trål og kyndig behandla i laben. Her ved Else Holm (frå venstre), Frøydis Rist og Pia Smit.

Fotograf: Georg Skaret / Havforskingsinstituttet

Dei viktigaste beiteområda for lodde er no dekka, i det økosystemtoktet i Barentshavet går mot slutten. 

 «Johan Hjort» er nettopp ferdig med overvakinga av dei nordlegaste delane av Barentshavet, og «Helmer Hansen» er i ferd med å avslutte sin del av årets økosystemtokt. Med dette er dei viktigaste beiteområda for lodde på norsk side dekka, og desse er også viktige fødeområde for mellom anna torsk og knølkval. 

– I fjor var det lite lodde, også av den umodne sorten. Det var derfor forventa beskjedne mengder av lodde i år, og observasjonane frå årets tokt er i tråd med dette, seier toktleiar Georg Skaret. Han er òg bestandsansvarleg for lodde hos Havforskingsinstituttet. 

Som i fjor var det små mengder i dei nordlege delane av hovudbeiteområdet på Storbanken (sjå kart), kor det normalt er godt med lodde. 

Utbredningskart fra 2026 og 2025 som viser at det er lite lodde
Utbreiingskarta viser akustisk loddefordeling i 2026 (venstre) mot 2025 (høgre). Storleik på raud sirkel er proporsjonal med akustisk ekko frå lodde per nautisk mil. Grå farge markerer linjer utan registrert lodde. Data frå russisk side er førebels ikkje tilgjengelege.
Kart: Havforskingsinstituttet

Russarane dekker beiteområda i aust, og melder om små mengder lodde også der.

Lodda er favoritt-retten til fleire andre artar

Lodderekrutteringa har vore svak i fleire år. 

– Den svake rekrutteringa kan ha samanheng med dei store mengdene norsk vårgytande sild (NVG-sild) som har vore i Barentshavet dei siste åra. I tillegg til å konkurrere med lodde om maten, beitar NVG-sild direkte på loddelarvar, seier Skaret. 

Mange artar i Barentshavet har lodde som ein viktig del av dietten, særleg torsken. Historia har vist at låge loddemengder kan føre til redusert vekst hos torsken. 

– Lengde og vekt av 3-5 år gammal torsk har gått merkbart ned frå 2024 til 2026, og  lite lodde kan vere noko av grunnen til dette, seier Skaret.