Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Tobis i Nordsjøen førebels kvoteråd


Tobis
Anbefalt kvote 2020
70 000
tonn
Anbefalt kvote 2019
125 000
tonn

Kvoteråd på 70 000 tonn er førebels, endeleg kvoteråd kjem i mai.

– Hovudbildet er at gytebestanden er i god tilstand med fleire sterke årsklassar. 2016-årsklassen er den mest talrike vi har målt i toktserien og truleg den sterkaste sidan 1996. Vi ventar at desse fireåringane vil bidra sterkt i årets fiskeri, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen.

Også tobisane som klekte i 2019 ser lovande ut. Derfor kan forskarane no rå til ei førebels kvote på opptil 70 000 tonn. Etter ei ny bestandsmåling kjem endeleg kvoteråd i midten av mai.

Framleis kritisk i nordlege felt

Som i fjor er det dei sørlege tobisfelta i norsk sone som husar mykje fisk.

I dei nordlege delane av felta AlbjørnLing, Nordgyden og heile Vikingbanken lengst nord er bestanden låg. Det har den vore lenge.

– Vikingbanken har vore stengt for fiske sidan 2000-talet, og rekrutteringa har vore dårleg sidan 1995. Vi rår til at dei kritiske områda blir verande stengde, seier Johnsen.

Det er fordi tobisane lever dels nedgravne i sandbotn at bestanden deler seg såpass tydeleg inn på avgrensa område i havet. Etter at yngelen slår seg ned på botnen, held dei seg på sandbankane sine (sjå kart).

Kjem oppdatering i mai

– Det førebelse rådet for tobis er blant anna basert på «skrapetoktet» i desember som målar rekruttering. Våren er ein kritisk fase for ungfiskane. Derfor er vi på den forsiktige sida i det første rådet, forklarar Johnsen.

Seinare på våren har forskarane eit akustikk- og tråltokt der dei undersøker korleis det går med dei unge lovande tobisane frå 2019 og resten av bestanden. Det påfølgande, oppdaterte kvoterådet kan ende opp likt, eller bli oppjustert (sjå faktaboks)

Meiner norsk forsking og forvalting har ære for lysare tobis-tider

Det internasjonale havforskingsrådet ICES gir eit kvoteråd for tobis i heile Nordsjøen. Men norske myndigheiter har valt å følge ein eigen modell for norsk sone, med kvote per tobisbanke, i tråd med fisken sin spesielle biologi.

– Det ser ut som vi saman med Nærings- og fiskeridepartementet har knekt ein kode for å gjenoppbygge tobisbestanden i norsk sone, seier Espen Johnsen.

– Nøkkelen er gode tokt, gode data frå fiskeflåten og områdebasert forvaltning som hindrar for stort lokalt fisketrykk, fortset han.

Det å få spreidd bestanden over eit større område ser også ut til å gi betre rekruttering.

Kysten kokte av tobis

I sommar kunne folk langs kysten av Vestlandet og Trøndelag observere at det kokte av tobis heilt opp i fjæresteinane. (Les saka: Rapportar om tobis-kok på vestlandskysten, igjen)

– Ein slik tobiseksplosjon har ikkje vore sett sidan 60-talet, fortel Espen Johnsen.

Fenomenet var ikkje uvanleg i gamle dagar, og teoriane har vore at det anten skuldast overskot frå sandbankane i havet, eller lokal, kystgytande tobis. Undersøkingar viste at dette var nullåringar av hovudarten havsil (sjå faktaboks), som kan peike mot eit innsig frå havet.

– Vi er uansett glade for å kunne observere dette igjen. Tobisen er ein viktig i økosystemet, for fisk, fugl, sel og kval, avsluttar han.

Les den tekniske rapporten bak kvoterådet.