Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordøstarktisk torsk


torsk
Fotograf: P. Eide / Havforskningsinstituttet
Anbefalt kvote 2022
708 480
tonn
Anbefalt kvote 2021
885 600
tonn
Avtalt kvote 2021
885 600
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, bør fangstane i 2022 ikkje overstige 708 480 tonn. 

Historisk  bestandsutvikling

Gytebestanden har vore over MSYBtrigger sidan 2002. Gytebestanden nådde toppnivået i 2013 og har minka dei siste åra. Fiskedødsraten (F) vart redusert frå godt over Flim i 1997 til under FMSY i 2008. Frå 2018 har den vore på eller like over  FMSY. Det har ikkje vore sterk rekruttering etter årsklassene 2004 og 2005. 

Bestandens tilstand

Bestanden vart i 2020 hausta berekraftig og har full reproduksjonskapasitet.

Venta  bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2018 (tonn) Grunnlag F i 2022 SSB i 2023 (tonn) % endring i SSB*

% endring i TAC**

% endring i
råd***

Forvaltingsplan 708 480 Forvaltingsplan 0,62 578966 -17 -20 -20

* SSB i 2023 samanlikna med SSB i 2022
** Fangst i 2022 samanlikna med TAC i 2021
*** Råd for 2022 samanlikna med råd for 2021

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestanden er betydeleg nedjustert frå fjorårets bestandsvurdering, dette skuldast både at dei viktigaste aldersgruppene i fiskeriet er nedjustert på grunn av sterkare nedgang i toktindeksar enn venta og dessuten nedjustering av gytebestanden som følge av metoderevisjonen som vart gjennomført i februar 2021.

Saker relevant for rådet

Bifangst av vanleg uer og kysttorsk i fisket etter nordaust arktisk torsk bør gjerast så låg som mogleg. 
Rådet for 2022 ville blitt det same sjølv om fisket i 2021 skulle bli i underkant av kvoten, dette fordi 20% avgrensinga på endring i kvote frå år til år likevel ville bestemme kvoten

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 220 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 460 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 460 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,74
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,40
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,40
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,40-0,60 (nivået blir auka for høge gytebestandar i følge den gjeldande forvaltingsplanen)
Venta fiskedødsrate i 2021: 0,65 
Venta gytebestand i 2022: 681 435 tonn

Standardplott

Grafer for standardplott
For rekruttering, F og gytebestand viser plotta konfidensintervall (95%). For denne bestanden er FMGT=FMSY og SSBMGT=MSYBtrigger=Bpa, difor fell linjene som representerer desse punkta saman på figuren.