Gå til hovedinnhold

Taretråling


Tare

Tare under vassoverflata

Fotograf: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet

Taretråling har betydeleg innverknad på plante- og dyrelivet i og ved tareskogen. Kvart år blir ca. 150 000 tonn tare tråla langs kysten frå Rogaland til Nordland. Tråling lager trålgater som endrar tareskogen sin struktur og alderssamansetting.

Tareskog blir meir einsarta og artsfattig etter tråling. Men tareskog er ein fornybar ressurs som er vel tilpassa forstyrringar som liknar tråling, for eksempel stormar som riv laus tareplanter. Under dei store tareplantene står små rekrutter klare til å skyte opp når dei store tarene forsvinn. Rundt 4 år etter hausting kan den opphavlege biomassen vere heilt restituert.

Hastigheita på gjenveksten vil variere langs ein nord–sør-gradient pga. ulik lys- og temperaturpåverknad. Hastigheit på rekolonisering av assosierte plante- og dyregrupper tar lengre tid og varierer med delen hausta tare, artene si spreiingsevne, eksponeringsgradientar, lys og temperatur. Undersøkingar viser at det kan ta åtte år (Midt-Noreg) før eit taresamfunn igjen er tilbake til klimaks der trålen har gått.

Omfanget på inngrepet taretråling representerer, avheng også av kor stor del av skogen som haustast. I ei undersøking Havforskingsinstituttet gjennomførte på Mørekysten blei det hausta omtrent 1% av den ståande biomassen per år. Det er per i dag ikkje avgreinsingar på kor myke tare det kan haustast innanfor kvar haustesektor som er open, og uttaket vil variere med kor kupert botnen er.

I område som har flat botn kan uttaket vere større enn i meir kuperte område. Haustinga skjer hovudsakleg frå Rogaland til Nord-Trøndelag. Frå nordlege deler av Nordland og nordover er mesteparten av tareskogen heilt nedbeita av drøbakkråkebollen (Strongylocentrotus droebachiensis) som har hatt ei kraftig oppblomstring sidan 1970-åra. Berre i dei mest bølgeeksponerte områda står tareskogen igjen. Til tross for det er kråkebollane på retur, og nye tareressursar har blitt tilgjengelege i sørlege deler av området som tidlegare var nedbeita. Dei siste åra er det gjennomført prøvetråling av tare også i sørlege deler av Nordland.

Referansar

Nyheitsoppslag: https://www.hi.no/hi/nyheter/2020/september/frarader-tarehosting-i-flere-hostefelt-i-midt-norge
Rapport: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2020-31

Biomassemodellering av tare:
Nyheitsoppslag: https://www.hi.no/hi/nyheter/2018/oktober/hvor-mye-tare-finnes-i-norge
Rapport: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2020-7

Effekter på fisk:
Nyheitsoppslag: https://www.hi.no/hi/nyheter/2020/januar/taretraling-har-begrenset-effekt-pa-fisk
Artikkel: https://www.int-res.com/abstracts/MEPS/ITRS/p_av4