Tema: Sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

  • HI-018256.jpg

    Sei i Nordsjøen kan bli opptil 115 cm og veie 20 kg, og kan bli 20 år. 

    Fotograf: Thomas de Lange Wenneck / Havforskningsinstituttet
  • HI-013726.jpg

    Ungfisk spiser mest krill, mens eldre spiser mest fisk.

    Fotograf: Irene Huse / Havforskningsinstituttet

Sei finn vi både i dei frie vassvoluma og ved botnen, frå 0 til 600 meter. Ungsei står ofte i stim i dei øvste vasslaga, medan eldre fisk går djupare. Seien kan vandre langt i jakt på føde.

Sei i Nordsjøen gyt fra januar–mars på djup mellom 150 og 300 meter på eggakanten frå vest av Shetland, Tampen og til Vikingbanken. Egga flyt i dei øvste vasslaga. Larvane driv i dei store straumane og virvlane som oppstår mellom den nordgåande kyststraumen og sørgåande atlanterhavsvatn. Larvane driv først sørover langs vestkanten av norskerenna, men blir så førdt tvers over kyststraumen. Vi har dei første observasjonane av seiyngel på Vestlandskysten i april–mai. Størstedelen av yngelen er på kysten av vestlandet, men nokon gonger kan den dukke opp langs Skagerrakkysten, særleg når årsklassen er sterk.

Den første tida lever seien i fjøra, men den sym etterkvar ut på djupare vatn.  Den viktigaste føda dei første åra er plankton, særleg raudåte og krill, men fiskelarvar og yngel kan like gjerne vere på menyen. Om våren, når seien er 3 til 4 år gammal, har den relativt dårleg kondisjon. Dette ser ein lett o på levera som då er raud, lita og lite feitthaldig. Då vandrar mestedelen av årsklassa over norskerenna til Nordsjøen. Her legg den om dietten til å omfatte øyepål, sild og anna fisk, i tillegg til krill. Seien i nordsjøen veks raskare enn sei nord for Stad, og den vert også tidlegare kjønnsmoden. Første hausten er den om lag 20 cm, og tre år gammal er den frå 35 til 40 cm lang. Den vert kjønnsmoden når den er ca. 50 cm, den er då mellom 4 og 6 år gammal.

Om sommaren finn vi sei over heile nordsjøplatået frå ca. 57˚N til 62˚N, men om vinteren brukar seien å samle seg kring gytefelta vest for Shetland og mellom Shetland, Tampen og Vikingbanken. Umoden sei står ofte langs vestkanten av norskerenna, særleg kring Statfjordfeltet og Egersundbanken og søraustover. Dei største konsentrasjonane finn ein langs kanten av Nordsjøplatået også om sommaren.

Det fins lite 1 og 2 år gammal sei ute i Nordsjøen. Det tyder at Nordsjøseien ikkje vert dumpa på grunn av storleik i same grad som dei andre botnfiskartane i Nordsjøen. Seien finn vi i store deler av Nordatlanteren. Utanom seibestandane i Nordsjøen og vest av Skottland finn vi bestandar ved Færøyane, Island og langs norskekysten nord for 62 ˚N. Det er også sei ved Newfoundland og Canada. Sei kan finnast så langt sør som til Biscaya. Merkeforsøk viser at det kan vere stor utveksling av sei mellom dei forskjellige bestandane i det austlege Atlanterhavet.

Status, råd og fiskeri

På grunn av uklare bestandsgrenser vert sei vest av Skottland og i Nordsjøen/Skagerrak slått saman når ein skal rekna ut bestandsstorleik, fiskedøying og kvote.

ICES konstaterer at gytebiomassen har auka sidan 2012 og har fluktert utan trender og har lege over MSY Btrigger sidan. Rekruttering har fluktuert over tid og har stort sett vore under langtidsgjennomsnittet sidan 2003. Fiskedøyinga har vore under FMSY sidan 2013. 

Ut ifrå eit gjennomsnitt for 1993–1998 vert 90,6 % av fangsten i prognosane fordelt til området Nordsjøen/Skagerrak når kvoten vert delt og 9,4 % vest av Skottland. Totalkvota av sei i Nordsjøen/Skagerrak vert delt mellom EU (48 %) og Noreg (52 %) og fastsett gjennom årlege forhandlingar. Partane er einige om ein forvaltingsregel som seier at om lag 1/4 av den bestanden som det kan fiskast på (3 år og eldre fisk) kan fiskast så lenge gytebestanden er over føre-var-nivået. Tilrådd kvote i 2018 er i samsvar med MSY-tilnærming og er 105 793 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og 10 215 tonn i området vest for Skottland og Rockall. Kvoten inkluderer ei TAC- justering på 4,76 % i område 6 og 12,57 % i område 3a4 som tek omsyn til EU si landingsplikt. Kvoterådet er ei 5 % auke i TAC i område 3a4 og ei 2 % reduksjon i område 6.

Fiskeri

Seien vert hovudsakleg fiska med trål (89 %) både av EU og Noreg. Tysk, fransk, og norsk trålarflåte tok 71 % av seifangsten i 2016. Sidan 2009 har EU-flåten sitt seifiske vore innsatsregulert gjennom EU sin forvaltingsplan for torsk (1342/2008). 

Nøkkeltal:

KVOTERÅD FOR 2018: 116 008 tonn (med utkast)
TOTALKVOTE (med utkast) / NORSK KVOTE i Nordsjøen og Skagerrak 2018: 105 793/ 55 262 tonn
TOTALKVOTE (med utkast) / NORSK KVOTE vest av Skottland 2017: 10 215 / 640 tonn
TOTALFANGST (prognose) / NORSK FANGST 2017: 110 690 / 50 213 tonn
NORSK FANGSTVERDI 2017: 397 mill. kr (Nordsjøen), 2,1 mill. kr (Skagerrak), 4,2 mill. kr (vest av Skottland)