Bestanden har falle til eit nivå som krev tiltak for å stogge nedgangen, seier havforskarane om sei.
Fotograf: Erling Svensen / HavforskingsinstituttetPublisert: 27.06.2025
Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) legg fredag fram sine kvoteråd for 2026 for botnfisk i Nordsjøen og områda rundt.
(Kvoterådet for torsk i Nordsjøen kjem til hausten.)
ICES rår til at sei-fangstane ikkje bør overstige 60 167 tonn i 2026. Det er ned 24 prosent frå årets kvote.
– I fjor hadde vi litt oppgang for seien, men bestanden har falle til eit nivå som krev tiltak for å stogge nedgangen, seier Bjarte Bogstad, havforskar og norsk representant i ICES.
Til samanlikning var fangstane i fjor på 56 000 tonn, mens dei var på kring 50 000 tonn i 2021 og 2022. Det var det lågaste på over 50 år.
I Nordsjøen er det seien som er den viktigaste botnfiskarten for det norske fiskeriet.
Sei og torsk er dei viktigaste botnfiskbestandane for norsk fiskeri i Nordsjøen. I tillegg til desse, har ICES kome med kvoteråd for hyse, kviting, raudspette, lysing og breiflabb.
Alle desse bestandane er fornuftig beskatta og i god forfatning. Kvoteråda er derfor ganske like som for 2025.
For kviting rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 198 609 tonn i 2026. Det er opp 6 prosent frå anbefalt kvote for 2025 og opp 42 prosent frå avtalt kvote.
For hyse rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 108 301 tonn i 2026. Det er 4 prosent opp frå tilrådd og avtalt kvote for 2025.
For raudspetta rår ICES om at fangstane i 2026 ikkje bør overstige 164 129 tonn, noko som er ned 7 prosent frå 2025.
For lysing tilrår ICES ein kvote på 54 912 tonn i 2026. Det er 5 prosent høgare enn tilrådd kvote for 2025.
For breiflabb tilrår ICES at det ikkje vert fiska meir enn 30 358 tonn i 2026 – ned 1 prosent.
Sjå dei tekniske kvoteråda og grunngjevinga bak på ICES sine nettsider om kvoteråd for Nordsjøen.