Gå til hovedinnhold

Kronikk: Barentshavets økologi i endring – kva betyr det for torsken?


Lodde fra økosystemtokt i Barentshavet

Lodde fra et av HIs årlige økosystemtokt i Barentshavet.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Lodde i Barentshavet og norsk vårgytande sild varierer mykje i storleik. Korleis påverkar det torsken?

Det er velkjent at storleiken til fiskebestandar kan svinge mykje opp og ned, både på grunn av endringar i den økologiske situasjonen i havområdet og på grunn av varierande fiskepress. Lodde i Barentshavet og norsk vårgytande sild er to viktige bestandar for norske fiskeri, som begge varierer mykje i storleik.  

Lodda er ein nøkkelart i økosystemet i Barentshavet, som den viktigaste planktonetaren og som viktig næringsemne for større fisk (spesielt torsk), sel og kval.  Ein veit at lodda veksla mellom periodar med stor og liten bestand, også før ein for alvor tok til å fiske på denne bestanden på slutten av 1960-åra. Beiting av ungsild på loddelarver ser ut til å vere ein viktig faktor i slike loddekollaps, men det er også andre faktorar som spelar inn. Kollapsen i loddebestanden på 1980- og 1990-talet hadde store konsekvensar for dei rovdyra som beiter på lodde, spesielt for torsk og grønlandssel. Særleg under kollapsen på 1980-talet observerte ein at torsken fekk lågare lengdevekst og vart tynnare og dessutan seinare kjønnsmoden. Torsken la om dietten og beita i stor grad på mindre næringsrik mat som krepsdyr (krill og amfipodar), og beitinga på småtorsk auka også. Grønlandsselen vart magrare og  la ut på næringsvandring sør- og vestover, og i 1987-1988 drukna minst 77 000 sel i garn langs norskekysten på jakt etter mat. Sjøfugl som lever av lodde hadde særs låg hekkesuksess, og dødsraten for vaksen sjøfugl auka også. Dei neste loddekollapsa på 1990-talet og 2000-talet hadde små innverknader på både torsken og resten av økosystemet, mellom anna fordi det var meir annan småfisk enn lodde tilgjengeleg. Produktiviteten i økosystemet var vesentleg høgare i denne varme perioden enn i den kalde perioden på andre del av 1980-talet.

Målingane av loddebestanden hausten 2019 viste at bestanden er på eit lågt nivå, noko som vart bekrefta av toktobservasjonar vinteren 2020. Dette ser ut til å ha verka inn på torsken sin vekst og beiting på andre arter. Lengdeveksten av umoden torsk har gått ned, og det er også ein tendens til at denne er litt tynnare enn tidlegare.  Vekt ved alder hos 2-6 år gammal torsk i HIs vintertokt 2020 er såleis på det lågaste nivået ein har observert sidan slutten av 1980-talet. På kjønnsmoden torsk er det observert nedgang i levermengde, medan fisken ikkje er tynnare enn i dei føregåande åra. Vi ser også at mengda småtorsk i dietten til stor torsk (kannibalisme) har auka frå 2019 til 2020.

Kan dette utvikle seg til ein situasjon lik den vi hadde på slutten av 1980-talet? Økologisk – kanskje, men forvaltingsmessig – nei. La oss ta det økologiske først. Vi veit ikkje korleis loddebestanden vil utvikle seg dei næraste åra. 2019-årsklassen, som skal gyte i 2022 og 2023, såg lovande ut som årsyngel i fjor haust, men det er for tidleg å seie om denne årsklassen vil løfte loddebestanden opp igjen. I alle høve kan ein ikkje rekne med at loddebestanden tar seg opp igjen så raskt som etter tidlegare kollaps, sidan vi no har ein større torskebestand som øver eit hardare beitetrykk på lodda. Når det gjeld torskens andre byttedyr, er det for tida relativt lite av polartorsk, småtorsk og småhyse, og den sterke 2016-årsklassen av sild er no på veg ut av Barentshavet. Derimot er det for tida ein stor rekebestand i Barentshavet. Ut frå dei observasjonane vi har, ser det ut til at veksten av torsk på 2-4 år, som er 20-40 cm lang, vil halde fram med å vere dårleg så lenge det er lite lodde, medan det kan tenkast at den store torsken kan halde fram med å vekse rimeleg bra dersom den klarer å forsyne seg rikeleg av andre byttedyr. Låg loddebestand kan såleis føre til at mindre småtorsk, småhyse og småsild får vekse seg store nok til å kunne bli fiska. Dersom vi i tillegg får ei nedkjøling av Barentshavet, slik nokre prognoser indikerer, vil torsken få eit mindre beiteområde, og dette vil redusere bereevna til Barentshavet. Loddebestanden treng derimot ikkje bli negativt påverka av ei nedkjøling, kanskje tvert om; dette kan redusere beitinga på lodde.

Mengda vågekval i Barentshavet har auka på grunn av endra miljøtilhøve, og det ser ut som andre kvalartar også er i vekst. Bestandsutviklinga for grønlandssel er usikker på grunn av manglande teljingar, men ein reknar med at den er stabil eller i svak vekst.

Forvaltingsmessig er derimot situasjonen ein heilt annan enn på slutten av 1980-talet, spesielt for torsk. Vi har no ein stor og robust torskebestand med ei brei alders- og storleiksfordeling, sjølv om den har minka noko frå toppnivået i 2013. På slutten av 1980-talet hadde torskebestanden vore hardt fiska i mange år, og var dominert av den sterke 1983-årsklassen, medan det var lite av både yngre og eldre årsklasser. Fisket på den torskebestanden vi då hadde var så hardt at det var fare for kollaps i torskebestanden, men heldigvis vart kvotene og fiskepresset redusert i tide slik at torskebestanden tok seg opp igjen. I dag har vi dessutan haustingsreglar både for torsk, lodde, hyse og andre arter, som skal sikre at forvaltinga er berekraftig, og forvaltarane (den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen) held seg stort sett til desse haustingsreglane. Haustingsregelen for torsk seier dessutan at ein skal hauste ein større del av bestanden når den er på eit høgt nivå enn når den er på middels eller lågt nivå, slik at ein kan unngå at torskebestanden vert «for stor». Vi har også ein haustingsregel for lodde som tilseier at fisket skal stengast dersom loddebestanden er på eit for lågt nivå, og torsken si beiting på lodde blir tatt omsyn til i kvoterådgjevinga for lodde.

Det er mange faktorar og prosessar (klima, påverknad mellom ulike arter, etc.) vi ikkje veit nok om. Store bestandssvingingar har hendt før og vil hende igjen, til ulempe for dei som lever av å hauste frå havet. Det har vist seg at økosystemet i Barentshavet er robust nok til å tole store svingingar. Vi trur at noverande haustingsreglar kan medverke til å redusere faren for at nokre bestandar kan bli for store i høve til andre, og såleis supplere  økosystemet sine eigne reguleringsmekanismar. Vi følger utviklinga i torskebestanden så nøye vi kan, både gjennom tokt på våren og hausten og ved prøvetaking frå det kommersielle fisket, og vi er no ekstra observante på endringar i vekst og diett hos torsk. Informasjon frå næringa er òg nyttig i denne samanhengen. Den observerte nedgangen i vekt ved alder i bestanden hos torsken vart i ein viss grad teken omsyn til då ICES nyleg laga prognosar for utviklinga i bestanden og gav kvoteråd, og om denne situasjonen held fram og forplantar seg også til dei eldre årsklassane i bestanden, vil framtidige bestandsvurderingar og kvoteråd fanga opp dette. Men vi vil no følgje nøye med på kva som skjer, både for å lære nye ting om økologien i Barentshavet og for eventuelt å kunne foreslå forvaltingsmessige grep for å optimalisere uttaket frå torskebestanden i åra som kjem.