Luseovervakinga er i gang

Runar-teller-lakselus.jpg

Etter at sjøauren er bedøvd, blir mengda lus talt.

Fotograf: Agnes Marie Mohn / Havforskingsinstituttet

Kvart år blir mengda lakselus på vill laksefisk overvaka. På den måten ser forskarane om lusemengda på fisken er så stor at den har negativ effekt på overlevinga.

I starten av overvakinga er det laksesmolten som skal symje frå elvene til beiteområda i havet som er i fokus:

- Målet er at overvakinga skal vere i gang når laksesmolten sym ut frå elvene slik at vi kan undersøke om dei får mykje lakselus på seg før dei kjem ut i havet, seier Rune Nilsen som er ansvarleg for overvakinga av lakselus på vill laksefisk ved Havforskingsinstituttet.

Men også andre artar er i fokus:

- Vi brukar overvakinga til å kartlegge om lakselus har negativ effekt på overlevelsen til både villaks, sjøørret og sjørøye, seier Nilsen.

  • Eirik-og-Kaja.jpg

    Erik og Kaia tømmer sjøørretrusa.

    Fotograf: Agnes Marie Mohn / Havforskningsinstituttet
  • ruse-levendefangst.jpg

    Bare litt justering gjenstår før rusa er klar til levandefangst av sjøaure.

    Fotograf: Rune Nilsen / Havforskningsinstituttet
  • Runar-lengdemaler-sjoorret.jpg

    Lengda på auren blir målt etter at lusene er talt.

    Fotograf: Agnes Marie Mohn / Havforskningsinstituttet
  • Etnefjorden.jpg

    Ein av HI sine småbåtar på veg ut Etnefjorden for å sjekke sjøaureruser.

    Fotograf: Rune Nilsen / Havforskningsinstituttet

Dekker heile kysten

Overvakinga dekker heile kysten frå Sørlandet til Finnmark, men startar seinare i nord.

- Smoltutvandringen starter tidlegere i sør enn i nord. Derfor har vi tilpassa oppstarten i dei ulike landsdelane til det. Overvakinga pågår fram til starten av august, seier Nilsen.

Foreløpige resultat frå overvakinga blir presentert i juni, og endeleg rapport kjem i løpet av hausten.

Viktig kunnskap til trafikklys-systemet

Resultata frå overvakinga av lakselus er ein viktig del av kunnskapen som blir brukt i trafikklys-systemet som er styresmaktene sitt verktøy for å regulere produksjonen av oppdrettslaks.

- Resultata frå årets overvaking vil inngå i materialet som blir nytta neste gong vi skal gje råd i samband med dette systemet, avsluttar Rune Nilsen.

Bestilling frå Nærings- og fiskeridepartementet

Overvakinga blir gjort på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet via Mattilsynet.

- Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på våre ville laksebestandar. Feltarbeidet som blir gjort i samband med luseovervakinga gir viktig kunnskap om påverknaden frå lakselus på villfisk. Eg ønsker alle som arbeidar med overvakinga lukke til med arbeidet, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.