Forskingsfartøy i hamn sysselset maritime bedrifter i Bergen

C:\Users\a23389\Pictures\nansen-bontelabo.jpg

Rederisjef Per W. Nieuwejaar og Siv Remøy i Maritime Bergen er glade for at det no kan gjerast viktig vedlikehaldsarbeid på Kronprins Haakon og andre skip som har måtta stille inn drifta.

Fotograf: Runar Bjørkvik Mæland / Havforskingsinstituttet

På grunn av koronakrisa ligg fleire av skipa til HI til kai i Bergen. Det gir HI høve til å framskynda viktig vedlikehald – og gir samtidig bedrifter moglegheiter for oppdrag gjennom krisa. 

Isbrytaren Kronprins Haakon har heimehamn i Tromsø, og går oftast på tokt i Barentshavet og arktiske strok. 

"Dr. Fridtjof Nansen" har rett nok heimehamn i Bergen, men går kontinuerleg på tokt i Afrika og Asia. Skipet har ikkje vore «heimom» sidan det drog ut på sitt første tokt i 2017. 

No ligg båe to til kai, side om side, på Bontelabo i Bergen. 

Det same gjer "G.M. Dannevig" og "Hans Brattström" ved Nykirkekaien i same by, medan ein har klart å halde "G.O. Sars", "Kristine Bonnevie" og "Johan Hjort" ute på tokt. 

"Kronprins Haakon" og "Dr. Fridtjof Nansen" til kai ved Bontelabo i Bergen. Foto: Febril Film/HI 

Framskyndar vedlikehaldsarbeid 

– Det er sjølvsagt trist av vi må kansellere viktige tokt, seier rederisjef Per W.  Nieuwejaar. 

– Men når situasjonen er så den er, så er det flott at vi kan få gjort viktig vedlikehald på skipa våre her i Bergen, enten med vårt eige mannskap eller med hjelp av eksterne servicefolk frå land. 

Dei neste vekene skal ein gjere ein del planlagt vedlikehald ved norske verft, verkstader og langs kai. Samtidig jobbar HI no med å detaljere planer for anna, ikkje planlagt vedlikehaldsarbeid som kan utførast i vekene framover.   

Sikrar arbeid til maritim næring 

– Det at HI framskyndar vedlikehaldsarbeid på skipa, er veldig viktig for det maritime næringslivet i Bergensregionen og på Vestlandet, seier dagleg leiar i Maritime Bergen, Siv Remøy-Vangen. 

Maritime Bergen (MB) er ei stifting som representerer maritime bedrifter, og jobbar for å ivareta havbaserte næringar, i Bergensregionen og Vestland fylke. 

– Oppdrag for HI er med på å halde maritim næring i aktivitet gjennom ein periode kor utstyrsleverandørar ofte opplever utsetjingar av planlagte prosjekt og kansellerte reiser på grunn av lokale karantenereglar og stengte grenser.