Gå til hovedinnhold

Ny FN-rapport gir helsesjekk for verdshava


Dykkar med lommelykt over sjøbotnen, fargerike anemonar og sjøstjerner i framgrunnen.

Kunnskap om kva som finst i havet er nødvendig for å kunne bruke og bevare det på ein opplyst måte. Her ein dykkar i Saltstraumen marine verneområde i Nordland.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Dyreartar på havbotnen kan bli utrydda raskare enn vi rekk å oppdage dei. Det er ein av konklusjonane i FN si andre verdshavsvurdering, der fleire HI-forskarar har bidratt.

– 95 prosent av djuphavet er enno ikkje beskrive av vitskapen. Vi veit derfor ikkje om alle artane som lever der. Samtidig er den menneskelege aktiviteten på havbotnen aukande. Vi reknar derfor med at det er fleire ukjende artar som blir utrydda før vi har oppdaga dei.

Det seier Lis Lindal Jørgensen, forskar ved Havforskingsinstituttet (HI) og medforfattar av rapporten som blei lansert onsdag.

«Second World Ocean Assessment» byggjer vidare på den første verdshavsvurderinga frå 2015, og gir eit oppdatert globalt bilde av helsetilstanden i havet.

Menneska påverkar havet

Rapporten peikar på den eine sida på at vi stadig får meir kunnskap om havet, og om korleis vi kan kombinere berekraftig bruk og bevaring. På den andre sida er havmiljøet i rask endring, hovudsakleg som følgje av alt vi menneske driv med.

Ein av effektane er altså at artar på djupet går tapt. Varmare og surare hav, utslepp og ureining, botntråling og overfiske er blant årsakene, ifølgje rapporten.

Planar om utvinning av mineral på havbotnen til bruk i grøn teknologi er i tillegg ei utfordring med potensielt store konsekvensar.

Les også: Gruvedrift på havbunnen: Stor mangel på kunnskap om områdene

Kunnskapshol på kartet

Rapporten viser til at vi i dag veit om meir enn 150 000 artar av botndyr. Over 10 000 nye artar er skildra sidan 2012. Men vitskapen er framleis mangelfull, og dessutan skeivt fordelt.

– Mest veit vi frå grunne område forvalta av rike land, og minst frå djupe område og frå hav forvalta av utviklingsland, seier Lis Lindal Jørgensen, som har hatt hovudansvar for kapittelet om botndyr i rapporten.

I Noreg kartlegg vi havbotnen og artane som lever der blant anna gjennom Mareano-programmet. På økosystemtoktet i Barentshavet følgjer vi utviklinga til artene. Slik kartlegging og overvaking er mangelvare i mange andre delar av verda, særleg i fattigare land.

– Derfor er det vanskeleg å vurdere tilstand og endringar i desse hava, når datagrunnlaget er veldig ulikt eller manglar heilt, seier Jørgensen.

Havet påverkar menneska

Manglande kunnskap gjer det vanskeleg å ta effektivt vare på livet på djupet. Når artar blir borte, kan det ha effektar for andre enn arten sjølv.

– Botndyr er viktig for havet, og også for oss folk. Vi et reker, krabbar og skjell, og i for eksempel Kina et dei sjøpølser og mange andre artar. Dessutan har bioprospektering, altså leitinga etter stoff som kan brukast i medisin eller industrivarer, gjort store funn blant artane i havet, seier Jørgensen.

Ho peikar også på at botndyr har ein viktig funksjon som «bustad» for andre artar:

– Eit korallrev eller ein svampeskog kan huse store mengder med andre artar, som et, lever og vernar seg her. Her kan også fiskeyngel vekse opp i fred for fiendar. Så ved å bevare livet på havbotnen, tar vi også vare på fiskebestandane våre.

Les også: – Marint vern er viktig både for havet og for havforskinga

Knølhval angriper ungsild med åpent gap i sørlige Barentshavet hvor flere sild er synlige i løse luften.
Sjøpattedyr som denne knølkvalen er viktige for det marine økosystemet, slår havforskarane fast. Fotograf: Matteo Bernasconi / Havforskningsinstituttet

Kvalbestandar tar seg opp

Ein annan HI-forskar, Mette Skern-Mauritzen, har bidratt til kapittelet om sjøpattedyr i den nye rapporten.

– Vi dokumenterer at fleire artar av sjøpattedyr framleis er kritisk trua. Samtidig går det bra med mange andre artar – for eksempel bardekvalane, som var utsett for ein stor grad av fangst tidlegare. Desse bestandane tar seg opp igjen, seier Mauritzen.

I dag er Noreg eit av få land som driv med kvalfangst. Dei årlege fangstane er små og innanfor det ein reknar som berekraftige grenser.

Les også: 11 ting du ikke visste om hvalen

– Artane som er kritisk trua i dag er stort sett ikkje artar som blir fangsta på, men artar med avgrensa leveområde som opplever stor grad av annan menneskeleg påverknad. Som vaquita-nisa i Baja California, som ofte går i fiskegarn, seier Mette Skern-Mauritzen.

Det er kanskje færre enn 20 individ igjen av denne arten, som er kritisk utryddingstrua. 

Utslepp gir helse- og miljørisiko

Eit viktig tema i rapporten er samanhengen mellom havet si helse og menneska si helse.

HI-forskar Bjørn Einar Grøsvik har hatt delansvar for eit kapittel om miljøgifter og utslepp frå blant anna olje- og gassverksemd. Han peikar på at utslepp av metall og persistente organiske miljøgifter kan hope seg opp gjennom næringskjeda, med helserisiko både for dyr og menneske.

– I Barentshavet ser vi at nivået av miljøgifter i fisk er fallande, og endar i ei utflating. Samstundes spør vi oss om det er «godt nok», seier Grøsvik.

Les også: Overvåkning av sjømat

– I Middelhavet og andre havområde lenger sør er miljøgiftnivåa samtidig så høge at nokon av topp-predatorane, som delfin og spekkhoggar, slit med å reprodusere seg, legg han til.

I samband med olje- og gassutvinning slepper ein ut produsert vatn, som blant anna inneheld oljekomponentar. Desse kan danne såkalla DNA-addukt, som festar seg til arvestoffet og kan føre til mutasjonar.

– Vi veit framleis for lite om dei langsiktige verknadene av slike utslepp. Men med tanke på miljørisiko er det bekymringsfullt at vi for eksempel finn DNA-addukt i botnfisk i Nordsjøen år etter år, seier Grøsvik.

Bjørn Einar Grøsvik i profil på forskingsfartøy, hav i bakgrunnen.3
Havforskar Bjørn Einar Grøsvik på eit av sine mange tokt. Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Bidrag til ei berekraftig utvikling

Grøsvik, Mauritzen og Jørgensen er tre av i alt over 300 forskarar frå heile verda som har bidratt til verdshavsvurderinga, som er på over 900 sider.

At arbeidet har hatt høg prioritet i FN, er understreka av at generalsekretær António Guterres sjølv tok del under lanseringa på onsdag og har skrive forordet til rapporten.

Ved lanseringa trekte Guterres fram at talet på «daude soner» i havet nesten er dobla frå 400 i 2008 til 700 i 2019, og at ei lang rekkje artar og leveområde er truga.

– Verdshavsvurderinga viser at dei mange goda havet gir oss står på spel. Eg ber leiarar og interessentar om å lytte til desse åtvaringane i arbeidet med å forvalte og bevare det marine miljøet på planeten, seier Guterres i forordet.

Bjørn Einar Grøsvik meiner ambisjonane med rapporten både er veldig store, og veldig viktige. 

– Ein har ønskt å få ei samla oversikt over tilstanden til havet si helse i dag, kva slags påverknad har det på den menneskelege helsa, og kva slags kunnskap treng me for å få ei betre forståing i framtida. Det speler inn i FN sitt havforskingstiår, og arbeidet med å nå berekraftsmåla innan 2030, seier han.

Her kan du sjå lanseringa og laste ned rapporten.