Gå til hovedinnhold

Kan samarbeid gje færre lakselus?


Bilde av en smolt som har lakselus.
Fotograf: E. Bierud / Havforskningsinstituttet

Kan samarbeid mellom forskarar, næring og forvalting gje færre lakselus? Akkurat det har vi sett på i Nordfjord.

– Vi har laga simuleringar som viser korleis lakselus spreier seg i Nordfjord ved bruk av ulike senario, fortel havforskar Ingrid Askeland Johnsen.

Ho leiar pilotprosjektet der vi ser på om ei restrukturering av oppdrettsaktiviteten i dette området kan gje betre forhold både for oppdrettsfisk og villfisk. Med på laget er også alle oppdrettsbedriftene i området, i tillegg til kommunane og andre forvaltarar.

– Vi har eit godt samarbeid med oppdrettsnæringa. Målet er å finne løysingar som reduserer lakseluspresset i området og som både forvalting og næring kan einast om, seier ho.

I Nordfjord vart resultatet at ein i første runde har sett nærare på effektane av koordinerte smoltutsett.

– Det betyr at vi har sett på kva som skjer med produksjonen av lus i dette området dersom alle oppdretterane startar på ny produksjonssyklus same året, forklarar Johnsen.

Eit godt og eit dårleg luseår

Sidan produksjonssyklussen på oppdrettslaks og -aure er to år, vil det, dersom ei slik løysing vert innført, berre vere liten fisk i oppdrettsanlegga i Nordfjord det første året og det neste berre stor.

Sidan mengda lakselus varierer med talet på kilo fisk i sjøen, blir også luseproduksjonen ulik dei to åra.

Resultatet viser at produksjonen av lus vil vere ulik i dei to åra produksjonssyklussen varer:

– Resultata frå modellberekningane viser at eit koordinert utsett i Nordfjord vil gje veldig gode forhold for utvandrande smolt av villaks det året det vert sett ut smolt. Då er produksjonen av biomasse låg, og det påverkar også mengda lus, forklarar Johnsen.

Året etter har oppdrettsfisken blitt stor – og biomassen i området har vokse kraftig. Dermed vert det også meir lus.

– Dette betyr at det kan bli eit noko høgare lusepåslag på villfisken annakvart år, enn det ein har med dagens utsettstrategi.

Arbeidet fortsett

No skal forvaltinga og næringa sjå vidare på kva som eventuelt kan gjerast i dei åra det er mykje oppdrettsfisk i sjøen og dermed høg produksjon av lakselus.

– Når dei har blitt einige om mogelege tiltak kan vi analysere effekten av dei og sjå om dei vil gje ønska effekt, seier Johnsen.

HI bidrar med kunnskap, verktøy og råd

Prosjektet som no pågår i Nordfjord, heiter formelt Områdevurdering Nordfjord, og er også omtala som ein forvaltingsdugnad. Årsaka til det, er at for å komme i mål, så trengs det samarbeid på tvers av både forsking, næring og forvaltinga. Frå forskinga si side bidrar Havforskingsinstituttet med avanserte verktøy og kunnskap for å kunne simulere kva effektar ulike løysingar har, og råd om kva som er lurt å gjere.

– Vår oppgåve er å analysere dei forslaga som kjem frå forvaltninga og næringa sjølv. Deretter er det opp til næringa i samarbeid med forvaltinga å gjere dei endringane som dei eventuelt vil prøve ut, fortel Johnsen.

Nordfjord har mest lokal lus

Nordfjord er ein del av produksjonsområde 4 (PO4), eit område som hamna i raud kategori i Trafikklyssystemet. Styresmaktene brukar dette systemet for å avgjere i kva område produksjonen av oppdrettsfisk enten kan aukast, bør vere uendra eller om produksjonen må reduserast. Raudt område betyr redusert produksjon.

– Nordfjord er eit ganske isolert område når det kjem til spreiing av lakselus. Mesteparten av lusa kjem frå lokale anlegg i Nordfjord, sjølv om det også er noko transport av lus frå oppdrettsanlegga lenger sør, då i hovudsak frå anlegga i Frøysjøen, seier Johnsen.

Lusa bruker straumen til å spreie seg

– Område med oppdrett har forhøga nivå av lakselus også på vill fisk. Sjølv om det ikkje er mykje lus på kvar enkelt fisk i eit anlegg, vert det gjerne eit betydeleg tal til saman nå ein ser på talet fisk som kan haldast på ein lokalitet, forklarar Johnsen.

Kvar holus kan ha fleire hundre egg som klekker direkte ut i sjøen.

– Etter klekking driv egga ut av anlegga og blir frakta rundt med straumen fram til dei er store nok til å feste seg på fisk. Derfor er det så viktig å ha kunnskap om straumen, då kan vi finne ut kor lusene frå ulike oppdrettsanlegg hamnar.

Det er denne kunnskapen forskarane no har tatt i bruk i Nordfjord – kombinert med kunnskap om biologien til lakselus.