Gå til hovedinnhold

Ny metode gir betre bilete av utviklinga for kysttorsken


Torsk ved havbotnen.
Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Forskarane har lenge vore bekymra for tilstanden til norsk kysttorsk. No har dei sett på gamle data med nye auge for å få eit best mogleg grunnlag for rådgivinga framover.

Om lag kvart femte år gjennomgår vurderinga av ulike bestandar i ICES ein sokalla metoderevisjon, der både datamaterialet som inngår og sjølve vurderingsmetodane vert gjennomgått i detalj. Ein slik metoderevisjon for den norske kysttorsken nord for Stad går føre seg no.

– Skal ein kunna gjennomføra ei bestandsvurdering med ein aldersfordelt modell, må ein ha ein tidsserie med toktdata. Det har vi hatt for kysttorsken, men i samband med den metoderevisjonen som går føre seg no, ønskte vi å gjennomgå og kvalitetssikre særleg den eldste delen av tidsserien, seier forskar og bestandsansvarleg Asgeir Aglen.

Dette arbeidet er skildra i ein ny rapport, der forskarane har sett på data om kysttorsk i det årlege kystøkosystemtoktet mellom Finnmark og Stad.

Nytt bilete av historisk utvikling

Frå før hadde ein ein serie med toktindeksar frå den akustiske delen av toktet. Desse indeksane har ein no rekna ut på nytt, med standardisert verktøy, heilt attende til 1995.

Med den nye reknemåten har forskarane justert ned anslaget for kor mykje torsk det var langs kysten i åra før 2003.

– Det gjer at den historiske utviklinga ser litt annleis ut. Det er ikkje fullt så stor kontrast lenger mellom det som låg i den gamle indeksen, og det som ligg i den nye, forklarer Asgeir Aglen.

Reknar med data frå ekkolodd og trål

Ein indeks er enkelt sagt eit relativt mål for korleis bestanden utviklar seg frå år til år, med grunnlag i data frå tokt. Ein akustisk indeks byggjer på målingar med ekkolodd (akustikk).

Fram til 2003 var det gjennomført to ulike tokt. Etterpå vart dei slått saman. Indeksen for perioden etter 2003 ser lik ut også med den nye reknemåten.

Frå perioden 2003 og framover har ein no også rekna ut ein trålindeks, med data frå trålfangstar på faste stasjonar langs kysten, i tillegg til den akustiske indeksen.

Har delt kysten i to

Forskarane har også delt indeksen inn i to ulike område, nord og sør for 67. breiddegrad.

– Det gjer at me har fått ein betre indeks for bestandsutviklinga i nord, seier Asgeir Aglen.

Han forklarer at dei har mykje data i det nordlegaste området, frå Vestfjorden til russegrensa, men dårlegare datatilgang lenger sør langs kysten. Det krev ei litt anna tilnærming.

Viktige inngangsdata til rådgivinga

Under den første delen av metoderevisjonsarbeidet vart dei nye indeksseriane, som er skildra i den ferske rapporten, godkjende som inngangsdata til ein ny analytisk bestandsmodell. Denne blir vurdert i siste delen av metoderevisjonen, som skal skje i løpet av våren.

Om han blir godkjent, blir metoden tatt i bruk i forskarane si rådgiving frå og med i år.

Referanse

Asgeir Aglen, Johanna Fall, Harald Gjøsæter and Arved Staby (2021). «Abundance indices for norwegian coastal cod north of 62°N». Rapport fra havforskningen 2021–6. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-en-2021-6 (Obs: rapporten kan vera litt tung å lasta.)