Gå til hovedinnhold

Når djuphavs-artar går i kverna for å bli fôr, får laksefileten 30 prosent mindre dioksin


mesopelagisk fangst

Slik kan ein mesopelagisk fangst sjå ut. Det er ein salig blandling av fiskeartar, reker, krill, maneter blekksprut og andre organismar. Artssamansettinga avgjer innhaldet av næringsstoff og framandsstoff.

Fotograf: Martin Wiech / Havforskningsinstituttet

Men mykje krill i fangstane kan bli fluor-festbrems

Mesopelagiske artar er den store snakkisen innan jakta på nye ressursar i havet.

Det er dei små, rare dyra som lever frå 200 til 1000 meters djup. I dag er dei lite utnytta. I Norge er laksefôr truleg det mest sannsynlege bruksområdet om fiskeriet tar av.

Betydeleg mindre av to typar miljøgifter

I dag er laksefôret laga med ingrediensar frå eit knippe pelagiske industrifiskar. (Sjå faktaboks) No har forskarane sjekka: Kva vil laksen innehalde om fôret i staden er laga med ingrediensar frå mesopelagiske artar?

– Vi har funne ut at laksefileten då vil ha 30 prosent mindre dioksin og PCB. Dette er miljøgifter som er assosierte med blant anna redusert sædkvalitet hos menn, seier forskar Marc Berntssen.

Han er hovudforfattar bak den nye studien publisert i det anerkjende tidsskriftet Foods.

– Jo mindre, jo betre

Standard-artane som går i kverna i dag er tobis, kolmule og augepål. Ut kjem fiskeolje og -mjøl. Desse produkta overvakar HI årleg for framandstoff.

– Vi finn stort sett aldri overskridingar av grensenivåa, men naturlegvis: Jo mindre miljøgifter jo betre. Særleg når det gjeld mat med gode næringsstoff vi treng, som vi bør ete gjennom livet. Derfor er dei nye funna veldig lovande, sier Berntssen.

Han peiker også på at behovet for nye marine fôrråvarer er stort. Anten for å skalere opp dagens fôrproduksjon, eller for å erstatte langreiste plante-ingrediensar, slik som soya og mais.

Krill gir mykje fluor – men blir det for mykje?

Det er berre eit lite problem: Krill

Det mesopelagiske fiskeriet er heilt i startgropa og lite selektivt. Fangstane kan variere enormt på kva artar dei inneheld av maneter, fiskar, blekksprutar og krepsdyr. Alt går i kverna.

Det betyr også at innhaldet av nærings- og framandstoff i fôringrediensane vil variere stort ut frå artssamansettinga i fangsten. Krillen er ein festbrems.

– Av alle dei uønskte stoffa vi har undersøkt, er det berre fluor som er problematisk. Det har direkte samanheng med mengda krill i fangsten, seier forskaren.

Mest eit juridisk problem

For krill er naturleg rikt på fluor. Og fangstane er som regel rike på krill.

– Men fluornivåa er ikkje nødvendigvis for høge, seier Berntssen.

– I dagens lovgjevnad er dei innafor i eit produkt du kallar krillmel med fisk. Men dei blir for høge om du kallar det fiskemel, forklarer han.

Det er fordi den naturlege typen fluor i krill i liten grad vil samle seg opp i laksefileten, til skilnad frå kreftframkallande fluorsalt. Men lova skil altså ikkje mellom desse i dag.

–  Det kan vere nødvendig med ei nyansering i lovverket om foringrediensar frå blanda fangstar med krill skal kunne bli kommersielle produkt, sier forskaren.

Plott inn artane i fangsten – få ut nivå av framandstoff

I studien har forskarane laga ein modell der du kan mate inn artane i fangsten. Ut får du ei liste over kor mykje framandstoff det vil bli i fôrproduktet og laksen på tallerkenen. Nyttig for produsentar og matmyndigheiter.

– Dette er eit av stega i retning av å kunne utnytte dei mesopelagiske ressursane. Men det er fleire utfordringar vi må løyse, seier Berntssen.

– Fiskeriet og prosesseringa må bli meir effektivt og vi må vere sikre på at haustinga av bestandane er berekraftig, avsluttar han.

Er del av stort meso-prosjekt

Og nettopp det jobbar forskarar med på fleire hald.

Denne studien frå forskarar på HI, NOFIMA og SINTEF er del av prosjektet MEESO – eit omfattande mesopelagisk forskingsprosjekt finansiert av EU. Havforskingsinstituttet er prosjektleiar.

Dei analyserte fôringrediensane er produserte i småskala av prosjektpartnar NOFIMA. Dei er laga av fangstar frå det norske forsøksfisket på mesopelagiske artar. Les meir om det i denne saka: Fanget 1500 tonn laksesild og krill under prøvefisket i fjor

Tidlegare har forskarane også sjekka både framandsstoff og næringsinnhald i mesopelagiske artar. For næringsinnhald fann dei at det stort sett var tilsvarande eller høgare enn i filet frå  fisken vi ofte et, som laks og torsk. Og stort sett høgare enn i kolmule, som er mykje brukt som ingrediens i laksefôr. (Les: Har sjekka næringsinnhaldet i mesopelagiske artar)

Resultata for framandsstoff var grunnlaget for denne studien som har fulgt framandstoffa vidare til tallerkenen.

Referansar

Marc H. G. Berntssen, Lars Thoresen, Sissel Albrektsen, Eduardo Grimaldo, Leif Grimsmo, Ragnhild Dragøy Whitaker,Veronika Sele og Martin Wiech. "Processing mixed mesopelagic biomass from the North-East Atlantic into aquafeed resources; implication for food safety."  Foods 10, no. 6 (2021)
Lenke: https://doi.org/10.3390/foods10061265

Wiech, Martin, Marta Silva, Sonnich Meier, Jojo Tibon, Marc HG Berntssen, Arne Duinker, and Monica Sanden. "Undesirables in Mesopelagic Species and Implications for Food and Feed Safety—Insights from Norwegian Fjords." Foods 9, no. 9 (2020): 1162. Lenke: https://doi.org/10.3390/foods9091162