Gå til hovedinnhold

Fisken som leikar i havet

Utsikt frå brua på forskingstokt, skjermar med blant anna ekkoloddmålingar i forgrunnen.

CRIMAC-prosjektet var med på tobistoktet 2021 med MS Kings Bay og prøvde ut nye målemetodar.

Fotograf: Tonje Neses Forland / HI

Gjestekommentar i Fiskeribladet 16. november: Havet er eit matfat, eit økosystem og i mange tilfelle eit mysterium.

Ein av dei viktigaste sansane til mennesket er synet. Fordelen med å nytta synet er at detaljrikdomen i «signalet» er svært stor. Vi kan bruka lys frå fjerne stjerner for å læra om dei, mellom anna kva stoff dei er sett saman av kor fort dei bevegar seg i høve til oss.

I havet er det annleis. Lyset er ikkje ein like effektivt berar av informasjon. Kanskje det er difor ein seier vi veit meir om verdsrommet enn kva som skjer i havet?

Lærte gjennom å hausta

Mykje av det vi kan om biologien i havet veit vi frå å hausta frå havet, slik generasjonar har gjort før oss. Denne kunnskapen har vore heilt avgjerande for det vi veit om havet i dag.

Både Noreg og Skottland var tidleg ute med å systematisk notering av fiskeristatistikk, som vart nytta til å forstå korleis fiskeria påverka økosystema.

På ein måte kan ein seia at vi nyttar lyset til dette òg. Etter at fiske- eller plankton-prøven er samla inn, nyttar vi synet til å avgjera kva art det er, til å måla storleiken og til å lesa av alderen frå øyresteinane eller skjela på fisken.

Lydbølgjer avslører løyndomar

I motsetnad til lys, vil lydbølgjer forplanta seg effektivt i vatn. Leonardo da Vinci skriv i ei notatbok frå 1490 at ein kan høyra skip på lang avstand ved hjelp av eit røyr som ein stikk ned i sjøen.

Då franskmennene seint i 1890 åra fann ut korleis ein kunne laga ein høgtalar som effektivt kunne senda lyd ut i vatn, vart grunnlaget for å nytta lyd til å frårøva havet for fleire mysterium lagt. Titanic-forliset og utvikling av ubåtar gjorde at teknologien skaut fart, og i England utvikla marinen sonarar til å leita etter ubåtar.

Denne teknologien vart plukka opp av norske fiskarar. Tidleg på 30-talet eksperimenterte Reinert Bokn med bruk av ekkolodd for å finna fisk. Forskarane kom etter; i 1935 nytta Oscar Sund ekkolodd til å studera fordelinga av gytande skrei i Lofoten. To år seinare nytta Havforskingsinstituttet (HI) den same teknologien til å undersøka utbreiinga av sildestimar.

Tett samarbeid med næring og industri

Willy Christian Simonsen byrja like etter krigen å laga militærradioar i firmaet «Simonsen Radio», forkorta «Simrad». Han starta òg opp med utvikling av ekkolodd, og slik vart grunnlaget for Simrad ekkolodd lagt.

Dette vart starten på eit langt samarbeid mellom Simrad, HI og Forsvarets forskingsinstitutt. HI vidareutvikla metodar for å overvaka fiskebestandar ved hjelp av ekkolodda som Simrad produserte. Det har heile tida vore eit tett samarbeid også med fiskerinæringa, som tidleg tok i bruk teknologien.

Resultatet er at Simrad ekkolodd frå Kongsberg Maritime vert nytta på nær alle forskingsfartøy verda over. Denne historia er eit framifrå døme på korleis industri, næring og forskingsinstitusjonar har arbeidd saman for å utvikla metodar som kan nyttast til å læra meir om havet.

Utviklar teknologien vidare

Men historia stoppar ikkje her. HI, saman med Kongsberg Maritime, fiskerinæringa og andre forskingsinstitusjonar nådde opp i konkurransen om eit forskingsdrive innovasjonssenter finansiert gjennom Noregs Forskingsråd. Senteret er kalla CRIMAC, og har som mål å utvikla denne teknologien vidare.

Vi eksperimenterer med komplekse lydpulsar som gjer at vi kan få mykje meir informasjon enn tradisjonelle ekkolodd. Vi prøver også ut nye plattformar som autonome overflatefartøy og undervassfarkostar. Håpet er å kunne trekka endå meir informasjon ut av signala.

På same måte som multispektrale optiske metodar vart nytta til å læra meir om planetane i verdsrommet, håpar vi at same tilnærming til lydsignala vil gjera det mogeleg å læra enno meir om mysteria i havet.

Les også: Har gitt sonaren evne til å beregne hvor mange tonn fisk den ser