Gå til hovedinnhold

Kvifor et vi ikkje meir sjømat?

Fem personar står og samtalar på scenen.

Frå venstre: stipendiat Amalie Moxness Reksten, forskar Maria Wik Markhus, professor og overlege Alfred Halsteinsen, matformidlar Simen Vatne og havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Fotograf: Anders Jakobsen / HI

Dette var tema då Havforskingsinstituttet og havforskingsdirektør Sissel Rogne inviterte til «Den blå timen» på Litteraturhuset i Bergen måndag kveld.

Vi har god tilgang på fisk som er både sunn og trygg. Mange kjenner også til rådet om å ete fisk to til tre gonger i veka. Likevel viser undersøkingar at forbruket vårt av sjømat går ned. 

– Eg trur at det å auke kunnskapen til forbrukarane kan hjelpe – litt meir info om kva som er sunt med sjømat, og kvifor det er sunt, sa sjømatforskar Maria Wik Markhus under debatten.

Nettopp å dele kunnskap var eit av måla med arrangementet, som blei leia og introdusert av Sissel Rogne. Markhus leier prosjektet «Mammas mat», som skaffar meir kunnskap om korleis næringsstoff i sjømat bidrar til barnet si utvikling under og etter svangerskapet.

– Dei første tusen dagane, frå unnfanginga til du er cirka 2 år, skjer det ei enorm utvikling i kroppen vår. Då er det ein del næringsstoff som er heilt essensielle, som omega-3-feittsyrer og jod, som vi får frå fisk. Dette er med på å legge grunnlaget for resten av livet vårt, sa Markhus.

Les også: Babyer som fikk mer fisk utviklet seg bedre sosialt

Mindre, men rikeleg omega-3

Laks er den sjømaten vi et mest av i Noreg, etterfølgt av torsk. Stipendiat Amalie Moxness Reksten innleia med sitt innlegg frå Forsker Grand Prix i Bergen, om korleis næringsinnhaldet i norsk oppdrettslaks har utvikla seg dei siste femten åra.

Forskinga hennar har vist at omega-3-innhaldet i laksen er meir enn halvert i perioden på grunn av endra samansetning i fôret.

– Men det er framleis nok til at du kan dekke heile det anbefalte vekesbehovet med éin porsjon laks, poengterer Reksten.

Les også: Fortsatt mye omega-3 og vitamin D i oppdrettslaks

Sunn snøggmat

På tredjeplass over kva sjømat vi et mest av, kjem ferdige fiskeprodukt som fiskepinnar, fiskekaker og fiskepudding. Desse er ikkje nødvendigvis dårlege erstatningar.

– Det vi har analysert av ferdigprodukt, har bra med næringsstoff i seg. Det blir berre litt lågare konsentrasjonar fordi du har innblanda andre ingrediensar, sa Markhus.

– Mange unge i tidsklemma er blant dei som et minst fisk, og då er ferdigproduktene ein god moglegheit til å få i seg meir, sa Reksten.

Les også: Fiskekaker og fiskepinner er sunn mat

Rå fisk med bær?

Mat er meir enn ernæring, og det er ikkje nok at det er sunt for at vi skal få lyst på fisk. Både pris, tilgjengelegheit, vanar og korleis maten blir presentert speler inn, poengterte Simen Vatne, kjend frå MasterChef Norge – og delte nokre av sine tips frå kjøkenet.

– Råmarinert ceviche eller sashimi og den typen retter er gode hvis du vil ha noe som er raskt og enkelt. Du kan like gjerne spise kvit fisk rå som for eksempel laks; det eneste du må huske er å fryse den i 24 timer først, for å drepe bakteriane, sa han.

Kokken og matpåverkaren tipsa om å bruka fargesterke rå grønsaker og bær (!) for å gjera sjømaten meir lokkande for barn og unge.

Les også: Hvor mye jod er det i sushi? Ny studie skal gi svar

Fin pels med heil fisk

Forskarane i panelet la inn et godt ord for fisk som blir eten heil, utan at bein og anna blir fjerna – slik som sardinar.

– Då får du i deg mange gode næringsstoff som sink og vitamin A, sa Maria Wik Markhus.

– Vi har sett på laboratoriet at det mest verdifulle for helsa vår i fisken er det vi vanlegvis kastar, eller som blir brukt til for eksempel hundemat. Du ser jo kor fine dei blir i pelsen, spøkte Alfred Halsteinsen, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Haukeland Universitetssjukehus.

Løfta globalt perspektiv

Medan vi i Noreg et mest filet eller ferdigprodukt, er det mange andre kulturar der ein et meir heil fisk og innmat. Dette kan vera viktige næringskjelder – men ofte manglar det kunnskap, spesielt i utviklingsland

– Det å få gode data på kva sjømaten inneheld er viktig, fordi det gjer at ein kan gi råd om kva ein bør ete og kor mykje. Der kan vi i Noreg bidra med å få opp kunnskapen, sa Amalie Moxness Reksten, som sjølv har forska på fisk frå Angola og Sri Lanka.

Les også: Afrikansk fisk er rik på mange viktige næringsstoffer