Gå til hovedinnhold

Slik har rekefisket utvikla seg sidan 1908

Forskarar har digitalisert data for rekelandingar nesten heilt tilbake til den gongen rekefisket starta rundt førre hundreårskifte. Det gir verdifull informasjon til dagens forsking og forvalting.

Det norske rekefiskeriet starta i Skagerrak og Oslofjorden allereie i 1899 (sjå faktaboks). Heilt sidan 1908 har rekefangstane som er tatt i land i norske hamner blitt registrert. Men størstedelen av denne statistikken har vore vanskeleg tilgjengeleg i gamle statistiske årbøker.

No har havforskarar for første gong digitalisert dei gamle dataa og laga ein samla tidsserie for rekelandingar i Noreg, fordelt på fylke, år for år sidan 1908.

Ved hjelp av denne statistikken har dei også kunna berekna korleis rekebestanden i Nordsjøen og Skagerrak har utvikla seg i perioden.

Frå kysten til storhavet

– Tidsserien viser korleis rekefisket etter starten i det austlege Skagerrak og i Oslofjorden på slutten av 1800-talet breidde seg vestover og nordover langs kysten i dei følgjande tiåra, og slik utvikla seg til eit viktig kystfiske, seier forskar Guldborg Søvik ved Havforskingsinstituttet (HI).

På 1920- og 1930-talet starta ein òg å tråla på rike rekefelt ute i Skagerrak.

– Under 2. verdskrigen stoppa veksten i fisket opp, men etter krigen auka landingane raskt. Då blei det utvikla eit industrielt fiske og havfiske i Barentshavet og ved Svalbard. I periodar har det òg vore norsk rekefiske ved Jan Mayen og Grønland, og i internasjonalt farvatn ved Canada, fortel Søvik.

Rapporten er utarbeidd av masterstudent Katrine Wilhelmsen Melaa ved Universitetet i Bergen i godt samarbeid med Søvik og HI-kollegaene Fabian Zimmermann og Trude Hauge Thangstad.

Stor variasjon over tid og mellom fylke

Industrialisering og utvida fangstområde førte til ein vesentleg auke i rekelandingane frå rundt 1980: Medan dei årlege rekelandingane før hadde halde seg på eit nivå på eit par tusen tonn, nådde dei over 80 000 tonn på 1980-talet og tidleg på 2000-talet.

Spesielt dei siste tiåra har det likevel vore store svingingar, både i dei totale rekelandingane og i fordelinga mellom fylka.

Ifølgje forskarane kan desse svingingane for det meste forklarast med endringar i teknologi og økonomiske faktorar, altså pris.

– Men dataa viser òg ein nedgang i rekelandingar blant anna på Vestlandet og i Midt-Noreg, som tyder på at rekefisket forsvinn eller allereie har forsvunne frå desse områda. Det tyder òg på at sjølve bestanden fleire stader er i ferd med å forsvinna, seier Søvik.

Figur som viser utvikling i norske rekelandinger over tid.

Rekelandingar per fylke i 1000 tonn, 1908–2021. «Andre» (grå søyler) inkluderer landingar i utlandet og på ukjende stader. Oslo er her inkludert i Viken. (Melaa et al., 2022).

Figur som viser utvikling i norske rekelandinger over tid.

Rekelandingar per fylke i Sør- og Vest-Noreg, 1908–2021 (Melaa et al., 2022).

Mindre reke enn før

For rekefisket på kysten og i Barentshavet blir det ikkje fastsett fangstkvotar, berre tekniske reguleringar.

Fisket i Skagerrak og Norskerenna er derimot kvoteregulert. Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) gir kvoteråd for denne bestanden.

I ein årleg rapport frå ICES sin rekearbeidsgruppe som blei lagt fram tidlegare i år, har forskarane i arbeidsgruppa lagt dei historiske landingsdataa inn i den analytiske modellen som ICES bruker til å gi kvoteråd. Modellen gir ein indeks for kor stor gytebestanden er basert på data frå tokt og fiskeri.

Ved å leggja inn heile tidsserien for landingar frå både det norske, svenske og danske rekefisket i modellen, har forskarane i arbeidsgruppa kunna laga eit anslag på utviklinga i bestanden heilt frå 1908 til i dag.

– Det er ein tidsserie som er lengre enn for nesten alle andre bestandar, seier Guldborg Søvik.

Tidsserien viser eit markant fall i gytebestanden over perioden då fiskeriet har føregått: Forskarane anslår at gytebestanden i dag er rundt ein åttedel av gytebestanden i 1908.

– Det er ein ganske dramatisk nedgang, seier rekeforskaren.

Les også: Fant nesten ikke reker på Vestlands-tokt

Figur som viser nedgang i gytebestanden av reke sidan 1908.
Estimert gytebiomasse for reke i Skagerrak og Norskerenna over tid. Kjelde: ICES

Gamle data er gull

Statistikken over landa fangstar er ofte den einaste tilgjengelege datakjelda frå størstedelen av tida då eit fiskeri har føregått. Ifølgje Søvik og kollegaene kan slik statistikk difor bidra med viktig informasjon for bestandsvurdering og fiskeriforvaltning.

– Tidsseriar av landingar som spenner over heile fiskeriet si historie gir oss ein viktig referanse som dagens tilstand for fiskeriet og bestanden kan samanliknast med, seier ho.

I den nye HI-rapporten rår forskarane til at alle landingsdata for alle artar blir gjorde tilgjengeleg i høgast mogleg romleg oppløysing.

– Det utvidar perspektivet vårt på utviklinga av fiskeria, og kan slik bidra til ei berekraftig forvaltning av dei marine ressursane, konkluderer forskarane.

Les også: Fant genetiske forskjeller mellom fjordreker og Barentshavsreke

Person i kjeledress sorterer rekefangst.
Rekefangst frå Barentshavet blir sortert under økosystemtokt. Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HI

Referanse:

Hjort, Johan og Johan T. Ruud (1938). Rekefisket som naturhistorie og samfundssak. A.s. John Griegs boktrykkeri (1938). Fri tilgang på Nasjonalbiblioteket: nb.no/items/17d2762f0c04bfc3486cfc5656b7f28d

ICES, «Joint NAFO\ICES Pandalus Assessment Working Group (NIPAG)», ICES Scientific Reports, 4:38 (2022). Lenke: doi.org/10.17895/ices.pub.19692181

Melaa, Kathrine Wilhelmsen, Fabian Zimmermann, Guldborg Søvik og Trude Hauge Thangstad, «Historiske landinger av dypvanssreke (Pandalus borealis) i Norge. Tall per fylke for årene 1908-2021», Rapport fra havforskningen (2022). Lenke: hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-en-2022-24