Gå til hovedinnhold

Dette satsar HI på i 2022


Havforskar i kjeledress på båt på fjorden, han står med ryggne til.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HI

Klimaeffektar på kyst, fjord og sjømat er noko av det havforskarane skal ta for seg. Dei får hjelp av ny teknologi og eit nytt kystforskingsfartøy.

Havforskingsinstituttet (HI) har ei meir enn 120 år lang historie og forvaltar lange tidsseriar om hav, fiskeri og sjømat. Samtidig er instituttet langt framme når det gjeld å utvikla og ta i bruk ny teknologi og nye metodar for å løysa dagens og morgondagens utfordringar.

Nye dronar og nytt fartøy

Hausten 2021 fekk HI levert to nye undervassfarkostar av merket Munin+ frå Kongsberg. Farkostane er utstyrte med ei mengd vitskaplege sensorar og kan operera heilt ned til 1500 meters djup.

– Det å ta desse i bruk i kartlegging og overvaking blir ei viktig satsing i det nye året, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger.

– Vi skal blant anna ha dei med ut på sokkelen og i djuphavet i mai som ein del av Mareano-programmet. Vi vil sjå korleis vi kan bruka dei for å effektivisera den tverrfaglege kartlegginga av havbotnen, som omfattar både biologi og geologi, seier han.

Sigarforma farkost blir lasta ut av ein konteiner.
Dei nye undervassfarkostane kom til HI og Bergen i oktober. Fotograf: Anders Jakobsen / HI

Les også: Styrker HI-flåten: Nye farkoster både med og uten mannskap

Seinare i 2021 får instituttet også på plass sitt nye kystforskingsfartøy. Det skal leverast frå verftet Nederland i haust og opererast i Nord-Noreg i samarbeid med Nord Universitet.

– Dette vert ein viktig plattform for kystforskinga vår framover og vert utrusta for å operere saman med dei nye dronane. Vi vil testa ei ny tilnærming for toktaktiviteten vår basert på eit tett samspel mellom forskingsfartøy og dronar – i ein armadastrategi. Dette vert eit spennande og viktig prosjekt for oss det kommande året, seier forskingsdirektør Geir Huse.

Frå Nordsjøen til Oslofjorden

Miljøkartlegging i moglege nye industriområde til havs blir eit anna bruksområde for dei nye farkostane. Til dømes Tampen i Nordsjøen, der Equinor skal byggja havvindanlegg, og Sørlege Nordsjø II, som regjeringa har opna for utbygging av havvind.

– Sørlege Nordsjø II grensar mot viktige gyteområde for tobis, så her blir det viktig å sjå på korleis ein kan unngå negativ påverknad frå sprengingar og støy, seier Taranger.

Munin-ane skal også brukast i det nye prosjektet Frisk Oslofjord 2.0, som blir ei vidareføring av dagens Frisk Oslofjord-prosjekt.

– Ein viktig del av prosjektet blir formidling for skuleklassar i området, gjennom å ta dei med ut på sjøen. I tillegg skal vi samarbeida med Kongsberg og Universitetet i Oslo om å utvikla effektiv og moderne datainnsamling, blant anna med hjelp av undervassfarkostar, seier Taranger.

Nytt sjøanlegg og teststasjon

I løpet av 2022 skal HI få på plass eit nytt sjøanlegg ved forskingsstasjonen på Austevoll. I tillegg til at anlegget i seg sjølv vil bety eit løft for arbeidarane og akvakulturforskinga, skal det også brukast til å laga ein teststasjon for ny overvakingsteknologi.

– I tilknyting til sjøanlegget skal me byggja ut ein infrastruktur for å kunna testa ut utstyr til bruk i ulike havnæringar, seier Geir Lasse Taranger.

Tanken er at både forskarar og næringsaktørar skal kunna kopla seg på infrastrukturen på og rundt sjøanlegget på Austevoll.

Les også: Her kjøper HI nytt sjøanlegg av Os-firmaet Nor-Mær

Sjøanlegget ved forskningsstasjon Austevoll med fjord og holmar i bakgrunnen.
Sjøanlegget i Austevoll skal fornyast. Fotograf: Christine Fagerbakke / HI

Innovasjon med data

For at data skal bli til kunnskap og råd, må dei tolkast. Her kan kunstig intelligens spela ei viktig rolle i å sortera ut det mest relevante i stadig større strøymar av data.

– Me har ei auka satsing på maskinlæring og automatisert tolking av store datamengder, slik at ein kan nyttiggjera seg av nye sensorar og observasjonsplattformer på ein god måte. Dette er eit viktig tema i alle dei tre SFI-ane våre, seier Taranger.

SFI står for Senter for forskingsdriven innovasjon. HI leier eit slikt senter, Crimac, og deltar i to andre: Smart Ocean og Visual Intelligence.

– Me skal også ferdigstilla varslingssystemet for skadelege algar som har vore under utprøving det siste året, legg forskingsdirektøren til.

Les også: Jubel for tildeling: HI skal lede nytt innovasjonssenter

Styrking av bestandsrådgjevinga

Data og teknologi er også viktige stikkord i havforskarane si vidareutvikling av den tradisjonelle bestandsrådgjevinga. Dette omfattar blant anna kysttorsk og ein ny metoderevisjon for lodde. Satsinga på datafattige bestandar fortset, saman med eit nytt prosjekt på avansert bestandsrekningsmetodikk, som også inneheld ein ny avtale med Norsk regnesentral.

– Det er mykje spanande som skjer når det gjeld fiskeridata og bruk av bilete og automatisert tolking for å dokumentera art, storleik og kvantum av fanga fisk. Her har HI, Fiskeridirektoratet og Kystvakten overlappande teknologibehov med litt ulike formål. Det er difor viktig for oss å samarbeida med dei andre statlege instansane for å få til god og robust teknologi. Dette kan gje oss nye og meir effektive dataløyper frå fiskeria i framtida, seier Geir Huse. 

Torsk i garn som blir trekt opp i båt.
Torskefiske med garn i Oslofjorden som ein del av overvakinga av kysttorskbestanden. Fotograf: Espen Bierud / HI

Klima og økosystem i endring

Dei globale klimaendringane påverkar også norske havområde og havnæringar. Å forstå desse endringane og kunna føreslå løysingar blir eit viktig tema for forsking og rådgiving ved HI i 2022.

Instituttet leier blant anna i eit nytt prosjekt ved Bjerknessenteret i Bergen om klimadynamikk i fjordane, og i nye satsingar på Framsenteret i Tromsø som ser både på polområda og kysten av Nord-Noreg.

Det nye kystforskingsfartøyet i nord, som skal leverast frå verftet i haust og opererast i samarbeid med Nord Universitet, blir eit viktig tilskot til desse satsingane.

Les også: Jubler over penger til etterlengtet kystfartøy

Ei satsing som alt er i gang og skal trappast opp framover, er forsøk med gjenoppbygging og reetablering av tareskog. Tareskogar er produktive økosystem og kan binda store mengder karbon. Samtidig er dei pressa av blant anna klimaendringar. 

Dette arbeidet blir leia frå Flødevigen i sør, men skal spreiast nordover heilt til Porsanger i Finnmark.

– I Porsangerfjorden har me ei spennande moglegheit til å sjå heilskapleg på korleis ein gjenoppbygga både tareskog og andre lokale ressursar, seier Taranger.

Les også: Her slippes tare-grus ned på havbunnen

Feltstasjon i Finnmark, nokre små hus og båtar ved kaien.
Feltstasjonen ved Porsanger i Finnmark. Fotograf: Beate Hoddevik / HI

Mattrygging og ernæring

Korleis mat frå havet kan bidra til mattryggleik og ernæring både nasjonalt og globalt er elles eit sentralt satsingsområde for HI. Mat frå havet bidrar med viktige næringsstoff, og er eitt av matproduksjonssystema med potensial for berekraftig vekst.

Eksempelvis treng ikkje tang og tare å gjødslast for god vekst. Oppdrettsfisk utnyttar fôret svært bra samanlikna med andre dyr i produksjon. Det er også mykje fokus på å laga fiskefôr av råvarer som ikkje kan brukast direkte til mat.

– Til det siste er det ein del viktige utviklingsoppgåver som må landast før ein er i mål, men vi er godt på veg. Til dømes kan nemnast omgrepet sirkulær økonomi, der ei av retningane er danna om karbohydratrikt restråstoff til høgverdig protein, seier forskingsdirektør Gro-Ingunn Hemre.

– Eit anna døme er direkte bruk av nye råvarer frå havet som finst i store volum, som mesopelagiske artar. Der står det også igjen ein del utviklingsoppgåver før vi er i mål, legg ho til.

Les også: Kor sunn er framtidas sjømat?

Undersøkjer makrell og parasitt

Å følgja med på tilstanden i norsk sjømat og korleis denne blir påverka av blant anna klimaendringar er ei viktig oppgåve for HI. Forskarane er no i gang med ei ny basisundersøking av makrell.

Ei basisundersøking dekkjer heile utbreiingsområdet til ein bestand, og gir oversyn over tilstanden til bestanden med omsyn til næringsstoff og miljøgifter.

– For nokre år sidan fann ein at makrellen hadde auka utbreiinga si. HI trong derfor å utvida den tidlegare databasen sin på makrell til å dekka dei nye utbreiingsområda. Prøvar er samla inn og analysar planlagt, seier Hemre.

– I tillegg pågår to nye basisundersøkingar, på vassild og lysing, legg ho til.

Person held makrell på laboratorium.
Makrell blir analysert for parasitten Kudoa. Fotograf: Paolo Cipriani / HI

Det er truleg klimaendringane som har ført makrellen lenger mot nord. Dei kan også bidra til å forsterka problemet med såkalla gelémakrell eller «soft flesh», som blir forårsaka av parasitten Kudoa thyrsites.

Førekomsten av gelémakrell har auka frå under 1 til nesten 4 prosent i løpet av dei siste 2–3 åra.

– Klimaendringane med varmare vatn i nord kan føra til ytterlegare spreiing av den førebels ukjende mellomverten til farvatna våre. HI vil derfor ha auka forskingsinnsats på livssyklusen og utbreiinga av Kudoa, seier forskingsdirektøren.

Les også: Følger med på mjuk makrell

Plast i havet

Plastforsøpling er eit anna sentralt tema når det gjeld havets helse. HI arbeider med denne problematikken i heile kjeda frå havbotnen til organismar, og utvidar no analysekapasiteten sin for å auka kunnskapen om både nærvær og effektar av plast.

– Vi er snart klare med modellstudiar for å kunna seia noko om helseeffektar på menneske, seier Gro-Ingunn Hemre.

HI har bygd eit av dei mest avanserte laboratoria i Noreg for å få gode resultat på dei bitte små plastpartiklane, altså mikroplast.

– Metodikken som blir brukt til analysar av mikroplast er krevjande og tar tid. Av den grunnen har vi utvida plastlaboratoriet for å få både auka effektivitet og kvalitet i leveransane, seier Hemre.

Les også: Kronikk: – Den minste plasten er det største problemet