Gå til hovedinnhold

Fann uønskte stoff i fiskefôr – men i låge konsentrasjonar


Bilde av en rekke bokser med prøver av fiskefôr

Kvart år undersøker Havforskningsinstituttet fôr og fôringrediensar for mellom anna miljøgifter. Illustrasjonsfoto: Christine Fagerbakke / HI

Den årlege analysen av fôr og fôringrediensar er klar.

Kvart år tek Mattilsynet prøvar av fiskefôr og fôrmiddel frå norske fôrfabrikkar. 

HI analyserer prøvane for ei rekke uønskte stoff, bakteriar, tilsettingsstoff og næringsstoff.

Har sett etter nye uønskte stoff

– Det nye i år er at vi har inkludert uønskte stoff som ikkje har vore analysert i dette overvakingsprogrammet tidlegare – såkalla «emerging contaminants», fortel HI-forskar Anne-Katrine Lundebye.

Mellom anna blei vekstfôr, som gir fisken næringsstoff for rask og sunn vekst, analysert for ei rekke bromerte flammehemmarar og klorerte naftalenar.

Bromerte flammehemmarar er kjemikaliar som gjer ulike material mindre brannfarlege. Klorerte naftalenar brukast som løysemiddel i industri. Slike stoff finst i miljøet, og kan difor også vere til stades i fôr og mat. 

Berre eitt nytt stoff påvist

– Berre eitt av desse nye stoffa blei funne i konsentrasjonar som var målbare med den metoden vi brukar, seier Lundebye.

Det aktuelle stoffet var tribromanisol, eit stoff som blir danna når flammehemmaren tribromfenol brytast ned. I dag finst det ikkje nokon grenseverdi for stoffet i fiskefôr.

– Den europeiske myndigheit for næringsmiddeltryggleik (EFSA) etterspør meir data om bromfenolar og klorerte naftalenar i mat og fôr. Data frå oss kan bli brukt i deira arbeid fram mot eventuelle kommande risikovurderingar for slike stoff, seier forskaren.

Meir miljøgift i startfôr

Forskarane undersøkte også nivået av uønskte stoff i fôr til laksefisk på ulike livsstadium. 

Nivåa av arsen, kvikksølv og kadmium var godt under grenseverdiane i alle prøvane, men dei var tydeleg høgare i startfôr enn i smoltfôr og vekstfôr.

– Ei forklaring kan vere at start- og smoltfôr inneheld meir marine ingrediensar enn dei ulike vekstfôra gjer. Det er kjent at nivåa av dei nemnte stoffa typisk er høgare i marine råstoff enn i plantebaserte råstoff, forklarer Lundebye.

Fann fleire fluorerte forbindelsar (PFAS)

I år tok forskarane i bruk ein forbetra metode for å analysere fiskefôr for per- og polyfluorerte forbindelsar med samlenemninga PFAS. Dette er ei særs talrik gruppe av menneskeskapte miljøgifter som ikkje forsvinn frå miljøet når dei først er komne dit.

Heile 99 fiskefôr blei undersøkte for ulike typar PFAS. 

Perfluoroktansulfonamid (FOSA) – som er ein type PFAS – ble funne i 73 % av startfôra, i 54 % av smoltfôra og i 27 % av vekstfôra. 

Andre typar PFAS som blei detektert i fôr var PFNA, PFOA, PFOS, PFBS og PFDS.

Mest PFAS i fiskemjøl

– Av dei fôrmidla vi undersøkte, var det fiskemjøl som hadde både høgast nivå av PFAS og flest PFAS-forbindelsar, fortel Lundebye.

Stoffet FOSA blei funne i målbare konsentrasjonar i 88 % av prøvane med fiskemjøl.


Det blei ikkje funne PFAS i insektmjøl, insektolje, algeolje, krillmjøl eller gjær, og berre i nokre få prøvar av vegetabilsk mjøl. 

– I dag er det etablert øvre grenseverdiar for PFAS i mat, fisk inkludert, men ikkje for fôr eller fôringrediensar. Det er likevel forventa at dette vil kome etter kvart, seier Lundebye.

Sjekka for pesticid

Både fiskefôr og vegetabilske fôrmiddel blei analysert for ei rekke pesticid. Dette er stoff som blir brukt mot skadelege, levande organismar, til dømes innan plantevern.

– Metoden vi brukte i år er meir følsam enn den vi har brukt tidlegare, og dermed kunne vi også måle lågare konsentrasjonar enn før, seier Lundebye.

I fullfôr – fôrblanding som skal gi fisken alle næringsstoffa den treng – blei det funne målbare konsentrasjonar av ei rekke ulike pesticid. Det høgaste nivået av pesticida cypermetrin og deltametrin blei funne i ein prøve av kveitegluten. 

Insektmiddelet klorpyrifos blei funne i alle dei analyserte fôrprøvane, men i svært låge konsentrasjonar. Dette er eit stoff som ikkje lenger er autorisert for bruk i EU, men som like fullt kan vere til stades i miljøet på grunn av tidlegare bruk.

Ingen spor av utfasa tilsettingsstoff

I motsetnad til tidlegare år, blei det ikkje funne spor av tilsettingsstoffet ethoxyquin (EQ) i fullfôra som blei analyserte. 

Dette stoffet blei tidlegare tilsett for å hindre at fiskemjøl skulle eksplodere under sjøtransport, men det er no fasa ut.

Referanse

Anne-Katrine Lundebye m.fl.: «Monitoring programme for fish feed. Annual report for samples collected in 2024». Rapport fra havforskningen 2025-47.