Gå til hovedinnhold

Her er blåkveita i hovudrolla


Den flat og gråfarget fisk ligger på blå fliser

Toktet dekkjer gyteområde for blåkveita. Ei hoe med glasklare, store, rennande egg betyr kjønnsmodningsgrada spesialstadium 5, gytande. 

Fotograf: Ingrid Bruvold / HI

Blåkveita dominerer i trålfangstane. Vassilda kjem på ein god andreplass. 

– Framdrifta er god. Noko ruskete vêr sakka oss litt ned dei første dagane, men ikkje så gale at vi laut stogge opp, seier havforskar Elvar H. Hallfredsson. 

Han er toktleiar på det såkalla «Egga Nord»-toktet, som har halde på dei siste to vekene. Endå er det nokre dagar igjen før «G. O. Sars» legg til kai att.   

Formålet med toktet er å vurdere tilstaden for dei kommersielle bestandane av djupvassfisk. 

– Hovudfokuset vårt er på blåkveite og uer-artane. Samstundes overvakar vi både andre djuphavs- og bruksfiskartar og djupvassøkosystemet langs Eggakanten.

Egga

Havforskarane kartlegg denne kontinentalskråningen årleg, men vekslar mellom den sørlege og den nordlege delen – eitt år går toktet langs Egga Nord, det andre Egga Sør. 

I år er det nordover ferda går.

– Toktet starta rett vest av Lofotodden, og vi jobbar oss nordover langs Eggakanten med botntrål og akustikk til nordvest av Svalbard på 80°N. På vegen sørover igjen dekkjer vi så Bjørnøyrenna, seier Hallfredsson. 

kollasj av tre bilder som viser forsker som registrerer vassild, noen som sitter framfor en data og en person som tar et bile av en blåkveite
Mannskapet om bord "G.O. Sars" syter for at botntrålen er i god stand, og for at temperaturdata frå CTD vert lagde inn. 

Som tidlegare år samlar forskarane òg inn miljø-DNA (òg kalla eDNA) for å granske artsmangfaldet, særleg av haiartar og skateartar, men også for korleis blåkveitene fordeler seg i vassøyla.

Ned til 1140 meters djup

Dei grunnaste stasjonane toktdeltakarane trålar på er 400 meter djupe, og dei djupaste er 1140 meter djupe. 

Fangsten som kjem på dekk kan såleis variere frå stasjon til stasjon, men blåkveita dominerer: 

– I botntrålen er det blåkveita vi får desidert mest av. Ho likar seg på Eggakanten på mellom 500 og 1000 meter djup, der temperaturen er mellom -1 og 4 grader, seier toktleiaren. 

Toktdeltakarane tek også nokre pelagiske trålhal for å støtte dei akustiske målingane:

– Der er vi primært på utkikk etter snabeluer, men så langt er det kolmulen som dominerer oppe i vassmassene. 

Vest av Nord-Noreg registrerte dei òg sild på ekkoloddet: 

– Det er som venta for årstida, når silda no søkjer inn mot land for overvintring. Både kvalar og andre predatorar følgjer etter, 

to bilder - en av en isgalt. en annen av at hodet til fisken er opnet, for å ta ut ørestein
Isgalt er blant artane der havforskarane samlar otolittar, òg kalla øyrestein. Dette er som ei lita ferdskive som sit i hovudet på fisken, og som let oss lese av kor gammal fisken er.
Foto Ingrid Bruvold / HI

Spermkvalar jaktar «hurtigmat» frå trålen

På store deler av toktet, har «G.O. Sars» også hatt følgje av to spermkvalar. 

– Dei dukkar opp når trålen vert kasta og trålposen er oppe. Dei håpar truleg å få seg eit lettvint måltid, seier Hallfredsson. 

Havforskaren fortel at ein kjenner att spermkvalane på den kjøtaktige ryggfinna og kulane bak, det butte hovudet og blåsten som går framover og til venstre. Spermkvalane viser også halen før dei dukkar.

en spermhval i overflaten
Denne spermkvalen har følgt toktet på store deler av ferda. 
Foto: Elvar H. Hallfredsson / HI

– Den eine vi ser er større enn den andre, så vi lurer på om det kan vere ei mor med ein kalv. Men litteraturen tilseier at det særleg er kjønnsmodne hannar ein treffer på her i nord. 

På Eggakanten er toktdeltakarane og spermkvalane på jakt etter det same: uer og blåkveite. 

en kollasj sett sammen av tre bilder. alle viser forskningsteknikere og forskere på tokt, der de sorterer fisk, registrerer prøvene og tar bilde av fisk
Frå venstre: Kristin Windsland tek prøver av vassild; nattskiftet Lise Heggebakken. Eirik Kristoffer Bjøru Hansen og Rosario Lavezza sørger for at dei biologiske dataa kjem trygt inn i databasen; student Amanda Round fotograferer blåkveite for masteroppgåva si.