Gå til hovedinnhold

Småtorsken står i vest


Utsikt frå brua på eit forskningsfartøy til havs. Fartøyet er i nordområda, og i horisonten skimtast vinterkledde fjell

Illustrasjonsfoto frå vintertoktet i 2023. 

Fotograf: Edvin Fuglebakk / Havforskningsinstituttet

Det er endå låge torskenivå i Barentshavet.

– Generelt ser vi at ein mindre del av torsken står i den russiske sona no, samanlikna med den historiske utbreiinga, seier havforskar Johanna Fall. 

Toktrapporten frå årets Vintertokt er no klar.

Som vanleg heldt større torsk seg langs den norske kysten, men òg omkring Bjørnøya og vest for Svalbard. 

Den mindre torsken, opptil 50 centimeter stor, vart funnen vest for Svalbard, omkring Bjørnøya, og i sentrale deler av Barentshavet. 

– Det vart fanga lite torsk av alle størrelsesgrupper i det søraustlege Barentshavet, som vanlegvis er eit viktig oppvekstområde for torsk. Dette speglar den observerte utbreiinga av torskeyngel under økosystemtoktet i august til september i 2025, seier Fall. 

Et kart fra 2026 og et fra 2011 som viser at småtorsken ikke står i øst lenger
Fangst av torsk mindre enn 20 cm i Vintertoktet 2026 (venstre) og 2011 (høgre). Toktet vart utvida mot nordvest i 2014, og utbreiinga må difor samanliknast i overlappande område.

God toktdekning

Norske havforskarar har vore på tokt i Barentshavet tidleg kvart år sidan slutten av 1970-talet. Sidan 2000 har toktet føregått i samarbeid med russiske havforskarar. 

Vintertoktet er ei av dei viktigaste kjeldene til data om tilstanden til nordaustarktisk torsk og hyse, og dataa herifrå vert brukte i dei årlege bestandsvurderingane og inn mot kvoteråda.

Årets Vintertokt føregjekk frå 24. januar til 16. mars 2026, med dei tre forskingsfartøya «Johan Hjort», «Kronprins Haakon» og russiske «Vilnius». 

– Gjennomføringa vart som planlagt, og utbreiinga til målartane vart godt dekka, seier Fall. 

Kart som viser toktlinjene - et sikksakkmønster
Gjennomførte kurslinjer og trålstasjonar i Vintertoket 2026.

Svake torskekull, men oppsving for hysa

I 2020 gjekk toktindeksane for torsk og hyse bratt ned – og for torsken er nivåa framleis låge, både i førekomst og fangstnivå. 

Årsklassane 2019-2020 og 2023-2025 er svake, og blant dei dårlegaste i tidsserien for torsk i alderen 1 til 3 år. 

For hysa har indeksane auka igjen dei siste åra, og ligg no nært langtidsgjennomsnittet. 

– Etter svake årsklassar i 2018-2020, har vi målt fleire over middels sterke årsklassar. Særleg 2024-årsklassen for hyse ser sterk ut, seier Fall. 

Skralt matfat for fisken

Havforskarane undersøker også mageinnhaldet til torsken, for å forstå samanhengane mellom fisken og byttet hans. 

– Ung torsk hadde mindre i magen og eldre torsk hadde ete meir av både hyse og liten torsk i 2025, samanlikna med 2024, seier Fall. 

Dette vert også spegla i veksten til fisken. Frå 2025 til 2026 var torskeveksten godt under langtidsgjennomsnittet for mange aldersgrupper, og særleg 3-5-åringane. 

Hyse som var eldre enn tre år hadde òg dårlegare vekst. 

– Dette tyder på at det er dårlegare tilgang på andre byttedyr. Det er mindre mat å få fatt i. Dette reflekterer truleg at det for tida er lite lodde i Barentshavet, seier havforskaren. 

Toktet kartlegg også utbreiinga til blåkveite, uer-artane, kolmule, lodde og polartorsk. Les toktrapporten for å verte oppdatert også på desse bestandane.