Trafikklys: Dette er kunnskapsgrunnlaget vårt

Lakselustelling: Telling av lakselus på vill laksefisk i Hardangerfjorden våren 2019.
Fotograf: Stine HommedalPublisert: 17.03.2021 Oppdatert: 18.03.2021
I Noreg blir veksten innan lakseoppdrett regulert etter reglane i trafikklyssystemet.
Kor mykje lus villaksen har, avgjer om oppdrettsanlegga i kvar sone får oppretthalda, auka eller minska produksjonen av laks.
Trafikklyssystemet bygger på forsking og kunnskap frå oss på Havforskingsinstituttet og fleire andre forskingsinstitusjonar.
Vidare er det opp til styresmaktene å setje grensene for kva som kan tillatast av både produksjon og påverknad på miljøet.
Slik forskar vi
Havforskingsinstituttet sitt kunnskapsgrunnlag byggjer på ei rekke kjelder, feltarbeid, modellering og forsøk. Mellom anna:
Inndelinga av produksjonsområde:
I trafikklyssystemet blir kysten delt inn i 13 produksjonsområde for laks.
Inndelinga er eit resultat av at HI gjorde ei analyse av havstraumane langs norskekysten, for å finna dei naturlege grensene mellom ulike område langs kysten.
HI sin lusemodell
I vår lusemodell inngår kunnskap om biologi, temperatur og kor salt sjøvatnet er, samt innrapporterte opplysingar frå oppdrettarane om kor mykje lus dei har i anlegga sine.
Les meir om spreiingsmodellen.
Sjå lakseluskartet som blir oppdatert kvar veke – vår «vêrmelding» for lakselus.
Overvaking av lakselus
Frå vår til seinsommaren blir det gjennomført store feltarbeid for å overvaka kor mykje lakselus det er på vill laksefisk, og det er vi på HI som koordinerer dette arbeidet.
For å overvaka kor mykje lus det er på villfisken, så må ein rett og slett telja. Vi bruker trål, vaktbur og garn for å ta inn fisk og telja kor mange lus dei har på seg.
Resultata blir oppsummert i to rapportar, ein på våren og ein på hausten.
Våre nyaste saker om lakselusforskinga:
Her kan du lesa dei ferskaste sakene vi har skrive om tema.
- Temaside om trafikklyssystemet
Her får du ei grundig innføring i korleis trafikklyssystemet er bygd opp, og mellom anna oversikt over rapportane frå ekspertgruppe og styringsgruppe for åra 2017–2020 og dei ferskaste fagrapportane frå HI. - Så godt smitta lakselusa i ulike temperaturar
Laks i ti graders vatn fekk dobbelt så mange lus som laks i tre graders vatn, viser eit nytt labforsøk.
- Tallfestar lusedødelegheit på villaks frå elvane
No kan me rekna ut kor mykje villaks frå kvar elv som døyr som fylgje av lakselus.
- Ny vurdering av lakseluspåverkna på vill laksefisk til trafikklyssystemet
Produksjonsområda 2 og 3 frå Ryfylke til Sotra er i kategorien med høgast sannsynleg dødelegheit av villaks forårsaka av lakselus. Områda 4 og 7 ligg i den mellomste kategorien, medan dei resterande ni områda er vurdert til å ha låg sannsynleg dødelegheit.
- Mykje lus langs store delar av Vestlandet i 2020
På strekninga Rogaland-Trøndelag vart det observert mykje lakselus på villaks og sjøaure i år. Det var også godt samsvar mellom modellutrekningane av kor mykje luselarvar det er i vassmassane og observasjonane på villfisk.
- Ser inn i framtida med lakselusmodellen
For fyrste gong har forskarane brukt HI sin lakselus-modell til å sjå inn i framtida for oppdrettsnæringa. Resultatet syner at vind og straum er heilt avgjerande for kva som skjer med mengda lus på villfisk når produksjonen aukar.