Gå til hovedinnhold

Havforskarar med opprop til klimatoppmøtet

Portrett av Peter og Mari som står ute i ein park om hausten.

Forskingssjef Peter Haugan og forskar Mari Myksvoll har signert uttalen som framhevar havet si rolle i klimakampen.

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

Ekspertar frå mange land har gått saman med krav om havbaserte klimaløysingar.

Peter Haugan og Mari Myksvoll var blant ekspertane som blei engasjert for å gi faglege råd om berekraftig havøkonomi til det internasjonale Havpanelet. 

No har dei to HI-forskarane, saman med kollegaer frå ei rekkje land, signert eit ekspert-opprop for klimahandling i høve COP26 i Glasgow.

Oppropet handlar om korleis havet kan vera ein del av løysinga på klimaproblemet globalt.

Vinn-vinn-løysingar

– Mykje av merksemda om havet, både på COP26 og i andre klimamøte, handlar om korleis havet og økosystemfunksjonar i havet kan bli skadd av klimaendringar. Havpanelet fokuserer på å finna løysingar, og har vist at havnæringar og god forvaltning av havmiljøet òg kan bidra til å redusera klimaendringar, seier forskingssjef Peter M. Haugan.

– Dette er vinn-vinn løysingar som fortener større plass i offentleg diskusjon. Ved å legge dette fram, håper ein at havbaserte løysingar skal bli tatt i bruk òg av andre land utanfor panelet, legg han til.

Haugan var med og leia ekspertgruppa som la fram i alt 20 rapportar som samla oppdatert kunnskap om blant anna havforvalting, sjømat, data og teknologi, energi og klima. Hovudrapporten kom i desember 2020 og skisserte «ei ny forteljing om havet», med fokus på gevinstane av å oppnå ein berekraftig havøkonomi.

Les saka om hovudrapporten: Slik kan havet gi fleire jobbar, meir mat og betre miljø

1 av 5 klimakutt frå havet

Basert på beste tilgjengelege vitskap anslo forskarane i ekspertgruppa at havet kan bidra med over ein femdel av klimatiltaka som er nødvendige for å nå 1,5-gradersmålet i Parisavtalen.

Talet inkluderer både naturbaserte og teknologiske løysingar. Karbonlagring på havbotnen og fornybar energiproduksjon som vind- og bølgjekraft er nokre eksempel.

Dette er løysingar ekspertane vil ha opp på agendaen i Glasgow.

Les også: Havforsker Mari er nytt medlem i akademi for talentfulle unge forskere

Heile uttalen:

«Vi er ekspertar frå havrelaterte disiplinar frå alle regionar og havområde i verda, kalla saman i regi av Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi.

Vi er djupt bekymra over konklusjonane i IPCCs sjette hovudrapport og korleis menneskeskapte klimaendringar verkar inn på helsa til havet og havavhengige samfunn.

Hastetiltak er påkravd for å ta i vare den kritiske rolla havet speler i å regulera klimaet på jorda, mata milliardar av menneske og driva verdsøkonomien.

Havet har altfor lenge vore sett berre som eit offer for klimaendringar. Dette synet ignorerer at det finst ei rekke havbaserte løysingar – både naturlege og teknologiske – som er underbygd av vitskap og som kan støtta ein global innsats for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing.

Etter kvart som den vitskaplege forståinga av havet har auka, har den sentrale rolla havet i å forbetra helsa til menneske, velstand og velferd vorte tydelegare. FNs tiår for havforsking for berekraftig utvikling kan vera ein katalysator for å identifisera og møte kunnskapsbehova som hastar mest for å frigjera endå større innovasjon og moglegheit til å svara på klimakrisa.

Klimakrisa er for påtrengande til å fortsetja å undervurdera omfanget av tiltak og innovasjonar som finst innanfor havet og havøkonomien. Vi må ta alle delar av økonomien i bruk for å takla klimaendringane.

Vi oppfordrar alle partar i UNFCCC til å:

  • Innlemma havbaserte tiltak i planar, politikk og strategiar for klimaomstilling og -tilpassing, basert på beste tilgjengelege vitskap og med omsyn til berekraft.
  • Gjer greie for alle havbaserte kjelder og søkk i nasjonale klimarekneskapar i samsvar med IPCC-retningslinjer, inkludert IPCC Wetlands Supplement frå 2013.
  • Forplikta seg til berekraftig forvaltning av 100 % av havområda og vernet sine av 30 % av havet innan 2030 for å bygga motstandskrafta til hav og havavhengige samfunn og henta ut havbaserte klimagevinstar.
  • Auka investeringane i havforsking for å fylla datahol og digitalisera informasjon om havbaserte karbonkjelder og -søkk, inkludert kyst- og havøkosystem som mangrovar, sjøgras, korallrev, tareskog, tidevannseng og tidevannssump.»

Les meir og sjå lista over underskrifter på havpanelet sine nettsider.