Gå til hovedinnhold

Fisken sin diett fortel mykje om økosystemet i Barentshavet

Person i kjeledress fileterer torsk.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Gjestekommentar i Fiskeribladet 21. september: Sidan 1984 har havforskarar i snitt samla inn og analysert om lag 10 000 torskemagar frå Barentshavet kvart einaste år.

Folk har alltid vore nysgjerrige på kva andre et. Fiskarar og fangstfolk har opna magar til alle tider for å sjå kva fangsten deira har ete. 

Innhaldet kan sjå ut som søl, og ikkje alt luktar like godt. Men verdien av å vite kven som et kven er avgjerande for å forstå samspelet i naturen.

Ein viktig indikator

Russiske og britiske forskarar starta med vitskaplege studiar på mageinnhald av fisk frå Barentshavet alt på 1930-talet. I 1984 starta norske og russiske forskarar saman opp med regelmessig innsamling og analyse av dietten til torsk og andre fiskeartar.

Sidan er det i snitt samla inn og analysert om lag 10 000 torskemagar frå Barentshavet kvart einaste år. Dette er eit unikt datasett, også på verdsbasis.

Undersøkingane viser at torskens diett er ein viktig indikator for tilstanden til økosystemet i Barentshavet. Torsken er talrik og nesten altetande, og dietten endrar seg ettersom han veks. Dermed gir studiar av torskens diett også kunnskap om mange ulike organismar som er byttedyr for torsk.

Eit døme er ribbemanetar. Dei er vanskelege å fange utan å øydeleggje dei. Torsken gjer jobben for oss ved å ete ribbemanetar. Ribbemanet endrar farge og konsistens i torskemagen på grunn av eit enzym i torskemagen. Derfor kan forskarar telje opp ribbemanetar i torskemagane, og bruke dette til å studere variasjonar av mengda av slike i Barentshavet.

Snøkrabbe i torskemagar

Eit anna døme er snøkrabbe, ein ny art som først vart observert i Barentshavet tidleg på 1990-talet. Den er vanskeleg å fange med til dømes trål. Vi utviklar no metodikk for å bruke mengda av snøkrabbe i torskemagar til å måle endringar i snøkrabbebestanden, slik at vi kan bruke dette i bestandsvurdering.

Mageprøvene av torsk, saman med eksperimentelle data på fordøyingsrate, har gjort oss i stand til å rekne ut konsumet – kor mykje torsken et av ulike byttedyr i løpet av eit år. Fordøyingsraten er mellom anna avhengig av typen byttedyr og av havtemperaturen.

Konsumtala blir brukte i dei årlege bestandsvurderingane og prognosane for lodde, torsk og hyse. Særleg for lodde har torsken sitt konsum betydeleg innverknad på kvoterådet.

Ny kunnskap

Havforskarar har også undersøkt dietten til andre kommersielt viktige fiskebestandar, som lodde, polartorsk, hyse, uer, blåkveite og sild, for å forstå om artane konkurrerer om maten eller om matmangel kan forklare nedgang i bestanden.

Men det finst også mange andre fiskeartar i Barentshavet. I 2015 undersøkte vi dietten til heile 70 ulike fiskeartar. Det har gitt oss ny kunnskap om korleis fisk tilpassar seg til tilgjengelege matressursar.

Diettdata gir oss betre kunnskap om kor avhengige fisk er av enkelte byttedyr, og i kva grad dei kan legge om dietten dersom favorittmaten manglar.

Går dei over på annan mat, eller vil dei svelte? Spesielt lærte ein mykje om dette på slutten av 1980-talet. Då kollapsa loddebestanden – noko som førte til avmagra torsk, selinvasjonar på norskekysten og mislukka hekking hos sjøfugl.

Systematisk, årviss forsking

Seinare kollaps av loddebestanden har derimot ikkje hatt liknande ringverknader. Truleg var det mest fordi det då var meir av ungtorsk og andre fiskebestandar som til ei viss grad erstatta lodda.

Erstatninga var kanskje ikkje så ernæringsmessig verdfull, men torsken svelt ikkje i hel, og veksten gjekk ikkje mykje ned.

Forskarar er nysgjerrige av legning. På årets økosystemtokt i Barentshavet samlar norske og russiske forskarar igjen inn diettdata for torsk, lodde og polartorsk som vil gi oss oppdatert kunnskap om næringsnettet. Den systematiske, årvisse forskinga er viktig for å forvalte nokre av verdas største og rikaste fiskebestandar og deira økosystem, slik at vi kan hauste av dei i all framtid.