Gå til hovedinnhold

Har klimasjekka 39 fiskeribestandar


To torskar ved havbotnen.

Mens torsken i Barentshavet er forventa å ha ein positiv utvikling som følge av klimaendringene, går det motsett veg med nordsjøtorsken og kysttorsken i sør, ifølge den nye klimavurderinga.

Fotograf: Erling Svensen / HI

Klimaendringane har ein blanda effekt på bestandane i Nordaust-Atlanteren, viser ein stor studie som no er ferdigstilt. Torsken kan bli ein vinnar i nord – men ein tapar i sør.

– Størstedelen av bestandane me fiskar på er forventa å gjere det bra fram mot 2050. Men viss me går lenger fram i tid, og ikkje klarer å stoppa klimaendringane, så får me eit anna bilde, seier havforskar Olav Kjesbu.

Han har leia arbeidet med studien der over 40 forskarar ved Havforskingsinstituttet har gått saman for å vurdera utviklinga til bestandane når havet blir varmare og næringsnettet blir skrudd saman på nytt.

Vinnarar og taparar

«Taparane» i analysen er is-avhengige artar i nord, som polartorsk, og kaldtempererte artar i sør som kysttorsk og nordsjøtorsk.

Les meir om polartorsken: Klimaknipe for nøkkelart i nord

Blant «vinnarane» finn me blant andre skrei og hyse i Barentshavet, makrell i Norskehavet – og ikkje minst lysing i Nordsjøen, som utvidar nordover.

– Lysingen trivst særs godt med klimaendringane. Dei fleste andre artar har eit eller fleire «svake punkt» der dei blir påverka negativt av klimaendringar, seier Kjesbu.

– Ein art er evolusjonært tilpassa eit visst spenn av klimavariasjonar. Viss ein kjem utanfor det spennet, vil dei fleste treffe på ei utfordring, understrekar han.

Les om HI-forskarane sine bidrag til FNs klimapanel: – Klimaendringene i havet skjer, vi må handle nå

Langsiktig lagarbeid

Arbeidet starta opp i mai 2019. Allereie i 2020 presenterte dåverande havforskingsdirektør Sissel Rogne førebelse resultat frå studien i sin tale om havets tilstand.

Les saka frå 2020: Fiskebestandene i norske havområder: Hvem taper og hvem vinner når havet blir varmere?

Like før jul i 2021 vart studien endeleg publisert i det vitskaplege tidsskriftet Fish and Fisheries, etter grundig vurdering og kvalitetssikring frå internasjonale fagfeller. Artikkelen er publisert med fri tilgang (open access).

Studien er eit nybrotsarbeid som byggjer på ekspertvurderingar av artane og modellering av forventa utvikling i havområda (sjå faktaboks). Tanken er at analysen skal gjentakast seinare, når ein veit endå meir.

Les også: Skal finne ut om middagen din blir klima-påverka

Oppdatert kunnskap om artar og klimaeffektar

Saman med artikkelen er det publisert eit større vedlegg som blant anna gjer greie for eigenskapar og klimasårbarheit hos dei 39 bestandane. Desse bestandsoppsummeringane er no også tilgjengelege på temasidene om artane her på HI.no – sjå til dømes på sida om Nordøstarktisk torsk (skrei).

I tillegg har me publisert ei ny temaside om Klimaeffekter på bestander.

Kartet gir oversikt over bestandane som er vurderte og forventa generell utviklingsretning:

Kart som viser klimapåvirkning på bestander i Nordøst-Atlanteren.
Vurderte bestandar i Nordaust-Atlanteren og deira generelle utviklingsretning som følge av klimaendringar fram mot 2050 (Kjesbu et al. 2021).

Referanse

Kjesbu, O.S., Sundby, S., Sandø, A.B., Alix, M., Hjøllo, S.S., Tiedemann, M., Skern-Mauritzen, M., Junge, C., Fossheim, M., Broms, C.T., Søvik, G., Zimmermann, F., Nedreaas, K., Eriksen, E., Höffle, H., Hjelset, A.M., Kvamme, C., Reecht, Y., Knutsen, H., Aglen, A., Albert, O.T., Berg, E., Bogstad, B., Durif, C., Halvorsen, K.T., Høines, A., Hvingel, C., Johannesen, E., Johnsen, E., Moland, E., Myksvoll, M.S., Nøttestad, L., Olsen, E., Skaret, G., Skjæraasen, J.E., Slotte, A., Staby, A., Stenevik, E.K., Stiansen, J.E., Stiasny, M., Sundet, J.H., Vikebø, F., & Huse, G. «Highly mixed impacts of near-future climate change on stock productivity proxies in the North East Atlantic.» Fish and Fisheries, Early view (2021). Lenke: https://doi.org/10.1111/faf.12635