Gå til hovedinnhold

Slik kan vi ete av utsleppa våre


Mange middagstallerkenar som syner grillspyd med rognlodde.

Om vi utnyttar matfatet i havet betre, kan klimavinsten vere stor. Eitt av tiltaka er å ete mat som til no ikkje er vanleg på middagstallerken.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Klimaløysingar til havs kan kutte verdas utslepp med 35 prosent fram mot 2050, syner ein ny rapport. 

Klimaendringar gjer seg gjeldande i havet. Temperaturen aukar, havet vert surare og økosystema vert påverka. 

Men havet rommar òg løysingar. 

Ein ny rapport bestilt av Havpanelet syner mogelegheitene som eksisterer til havs, og kva som kan setjast i gong allereie no. 

Peikar på løysingar innanfor sju sektorar

– Vi veit at havet vert skadelidande av klimaendringar, men vi har òg ekspertisen og kunnskapen som trengst for å gjere noko med det, seier Peter Haugan, fagdirektør ved Havforskingsinstituttet. 

Haugan er ein av tre leiarar av ekspertgruppa bak rapporten, som han legg fram for FNs toppmøte i New York torsdag. 

Det er ei oppdatering av ein tilsvarande rapport frå  2019.

Den nye rapporten peikar på løysingar innanfor sju ulike sektorar: 
•    Marint vern og restaurering
•    Havbasert fornybar energi 
•    Sjøtransport
•    Havturisme 
•    Mat frå havet
•    Offshore olje og gass
•    Marin karbonfangst, -lagring og -fjerning

Rapporten syner at havbaserte klimaløysingar kan bidra med opptil 35 prosent av dei årlege klimakutta som trengst i 2050 for å halde den globale temperaturauken til 1,5°C. 

For første gong vurderer rapporten òg kor modne dei ulike løysingane er. Kva kan innførast i dag, og kva er først aktuelt om nokre år?

Klimavinsten ved sjømat

Ei av løysingane som kan gje god vinst kjapt, er å drage betre nytte av matfatet i havet. Både ved å redusere utsleppa frå fiskeri og akvakultur, og ved at fleire et meir sjømat. 

Vi har fleire munnar å mette på jordkloden – og vi treng difor meir protein, helst med lågt karbon-avtrykk. 

Sjømat kan møte deler av denne utfordringa. I snitt har oppdrettsfisk langt lågare karbonutslepp enn storfekjøt – og lågare kan det verte med nye fôringrediensar. I havet lever også artar, som er lenger nede på næringskjeda, som til no ikkje har vore vanlege på middagstallerken.

– Noko av det viktigaste, og kanskje mest spennande, er å få verda til å ete meir sjømat. Sjømatprodukt må vere attraktive og tilgjengelege for endå fleire menneske, seier Haugan. 

Er vi villige til å ete meir «grønsaker» frå havet, som til dømes tang og tare – og korleis gjer vi det på ein trygg måte? Fleire skjel? Eller kanskje heilt nye artar? Kva med oppdrettslaks fôra på insekt – får det ganen til å stusse

Klimavinsten ved å ete meir sjømat vart løfta også i rapporten frå 2019, men sidan då har lite hendt. 

Målstreken kan ha vorte dytta litt lenger unna, ifølgje rapporten, med mindre ein skrur opp både innsatsen og ambisjonsnivået no. 

Referanse

Hoegh-Guldberg, O., Northrop, E. et al. 2023. "The ocean as a solution to climate change: Updated opportunities for action." Special Report. Washington, DC: World Resources Institute.