Gå til hovedinnhold

Første laks er komen heim


En laks blir holdt oppe av en kamuflasjeduk under vann

Denne laksehoa var førstemann heim i årets Etneelva-sesong. 

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Sjåarsuksessen er tilbake. Følg laksen kome heim – minutt for minutt. 

Kva har ein nordmann, ein tyskar, ein spanjol, ein finne og ein brasilianar til felles? 

Alle strøymer til direktestraumen vår frå Etneelva. 

Det synte i alle fall sjåartala frå i fjor – og no er ein ny sesong på trappene.

Havforskar og prosjektleiar Øystein Skaala er begeistra over at ei elv i Hardanger trekk sjåarar frå heile kloden. 

– Vandringa til laks og sjøaure har fascinert menneske sidan steinalderen. Det å kunne følgje denne vandringa direkte er jo spannande særleg for sportsfiskarar og naturinteresserte, uansett kor dei bur, seier han.

Følg direktestraumen her: 

 

Grønt lys for villaks, raudt lys for rømlingar

Etneelva er ein heilt unik forskingsplattform.  

Ei 40 meter brei flyteristfelle stenger trafikken og sørgjer for at så å seie all oppvandrande fisk lyt gjennom «grensekontrollen». Der vert dei nøye inspiserte: lengd, vekt og alder vert registrert og ei lita DNA-prøve teke. 

Er du ein villaks eller ein sjøaure, så får du symje vidare som før etter kontrollen. Ferda held fram oppover elva mot vårens vakre kjærleikseventyr.

Men er du ein pukkellaks eller ein oppdrettsrømling, så stoppar ferda i fella. 

– Desse tek vi ut og avlivar, slik at dei ikkje får gjere eventyret om til ein grøssar, forklarar Skaala. 

Dei gamle travarane trekker først heim

Vi er heilt på starten av sesongen, og det store spørsmålet «når kjem første fisken heim?» er framleis heilt opent. 

På feltstasjonen plar det gå sport i å gjette rett returdato. 

Stasjonens største optimist har tippa at det vert lakseaction i ruta allereie 23. april, medan den største pessimisten tippar vi lyt vente heilt til 12. mai før det vert fisk i monitor. 

Det vi allereie veit, er at dei gamle travarane let seg lokke av heimlengta først: 

– Det er veteranane – dei største og eldste fiskane – som plar kome først, medan smålaksen er treigare på avtrekkaren, seier Skaala.

Første laks er komen heim

Onsdag 1. mai gjekk årets første laks i fella. Det var ein holaks på 72 centimeter og 3,5 kilo. 

En laks blir holdt oppe av en kamuflasjeduk under vann
Den første heimvende laksen i årets Etneelva-sesong, var ei hoe som kom 1. mai. Foto: HI

Foreldra symde opp i Etneelva for å gyte i 2019, og året etter vart hoa klekt i elvegrusen. 

Laksen gjekk ut i havet i 2022, og no etter å ha vore ute i to år, kalla heimtraktene ho tilbake til elva.