Studien viser kva følgjer menneskeleg aktivitet har på den arktiske mikrobiota. Dette er avgjerande for å forstå miljøpåverknaden i sårbare arktiske økosystem. Forskar Nachiket Marathe syner fram ei sedimentprøve frå Adventfjorden.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet
Forskarane Nachiket Marathe (til venstre) og Manish Paraksh Victor har også samanlikna informasjonen frå den nye studien med tidlegare forsking frå andre forskarar som har studert ulike deler av Arktis, som permafrost og sjøvatn.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskingsinstituttetPublisert: 19.02.2026
– Studien vår tyder på at det arktiske mikrobesamfunnet kan verte ei kjelde for framveksten av «superbakteriar», seier forskar Manish Prakash Victor.
Havforskarane har granska det ukjende mangfaldet på botnen av Adventfjorden på Svalbard, ved hjelp av eDNA-sekvensering og modellar.
Resultatet er hundrevis av nye bakteriar og endå fleire antibiotikaresistente gen.
– Vi visste at arktiske sediment truleg romma eit enormt mangfald av mikrobar som aldri har vorte skildra før, seier havforskar Nachiket Marathe. Han er medforfattar på studien og leier prosjektet som har resultert i dei ferske resultata.
Mellom 75 og 95 prosent av all biomassen i havet, er mikrobar. Desse små organismane spelar ei viktig rolle – det er desse som sørgjer for at næringsstoff vert resirkulerte.
Men store deler av denne verda er skjult, ukjend og underforska.
Havforskarane har samla inn sedimentprøver frå ni ulike stadar i Adventfjorden. Tilbake på laboratoriet, har dei granska kva sedimenta skjuler – både kva mikrobar dei finn, men òg kva gen desse ber.
– Vi undersøkte genomet til 644 bakteriar i prøvene. Av desse var over 97 prosent av dei nye bakteriar, seier Marathe.
– Det seier noko om kor mykje uutforska mangfald vi har med å gjere.
Mikrobane på fjordbotnen bar også i seg utbreidd antibiotikaresistens.
Forskarane fann 888 klinisk relevante antibiotikaresistente gen hos Svalbard-mikrobane. Klinisk relevante vil seie at dei kan påverke folkehelsa.
– Funna er urovekkjande, seier Marathe.
Nokre av desse gena er motstandsdyktige mot såkalla «siste utveg»-antibiotika som karbapenem, colistin, vankomycin, linezolid og tigesyklin.
Dette er antibiotika ein brukar når andre meir målretta medisinar er mislukka, og ikkje tek knekken på infeksjonen.
– Det at vi finn desse antibiotikaresistente gena i mikrobesamfunnet, tyder på at det også er bakteriar frå menneske i Adventfjorden, seier Marathe.
– Det skuldast truleg at avløpsvatn vert sleppt ut i fjorden.
At desse antibiotikaresistente gena vert funne i miljøprøver er viktig, fordi det tyder på at resistens mot medisinsk viktige antibiotika eksisterer utanfor eit klinisk miljø.
– Dette kan påverke kor effektive desse antibiotikuma er til å behandle infeksjonar i menneske. Funna våre viser at Arktis kan verte eit reservoar for antibiotikaresistens, og potensielt bidra til den globale spreiinga av antibiotikaresistente sjukdomar.
Klimaendringane kan òg spele inn som ein joker.
Forskarane er uroa for at varmare vatn og menneskeleg aktivitet – som å sleppe ut avløpsvatn i fjorden og aukande turisme – kan føre til at motstandsdyktige gen kan verte overførte til bakteriar som er sjukdomsframkallande:
– Dette kan føre til framveksten av «superbakteriar», som ber nye typar antibiotikaresistens som er vanskelege å behandle.
Samstundes har forskarane funne 478 nye betalaktam-resistensgen, som høyrer til 217 nye familiar. Betalaktam er ei gruppe antibiotika som er rekna som særleg effektive mot bakterielle infeksjonar.
Desse fann forskarane i prøver frå arktiske nisjer, inkludert i sedimentet, sjøvatn og permafrost. Dette tyder på at betalaktam-resistensgena er utbreidde og spreidde i arktiske miljø.
– Vi har nesten ei dobla talet familiar vi har i den globale databasen, seier Victor.
Dette er ei enorm utviding av kunnskapen vi har av potensielle antibiotikaresistente mekanismar.
– Dette kan føre til nye innsikter om korleis antibiotikaresistens utviklar seg, og potensielt bidra til å utvikle nye avbøtande tiltak for å motverke at resistens spreier seg, seier forskaren.