Tilbake i 2013 var skreibestanden på topp. I 2026 er tilstanden motsett for torsken.
Fotograf: Paolo Cipriani/HIPublisert: 14.10.2026
Torsken er i trøbbel.
Dei fleste store torskebestandar i Nord-Atlanterhavet er i dag reduserte til ein brøkdel av sitt historiske toppnivå.
Inntil nyleg, har eitt unntak i denne nedgangssoga vore skreien – den nordaustarktiske torsken i Barentshavet. Tilbake i 2013 var bestanden på topp.
Sidan har det gått bratt nedover.
I dag er skreibestanden mellom føre-var-nivået og det kritiske nivået.
Kor er ungfisken?
Sidan 2006 har talet rekruttar søkke drastisk. Dette er skreien som har nådd 3-årsalderen, og skal tre inn i vaksenfisken sine rekkjer.
– I dei fleste åra produserer gytebestanden greitt med avkom som overlever til dei er 0-gruppe. Det vil seie til dei er om lag eit halvt år, seier havforskar Edda Johannesen.
– Men det er få yngel som lever lenge nok til å verte rekrutterte inn i den fiskbare bestanden.
Johannesen er førsteforfattar på ein oversiktsartikkel, der forskarane undersøker dei potensielle årsakene til den reduserte rekrutteringa.
– Kunnskapen peikar på eit nordleg skifte i gyteområde, og konsekvensane av dette, som ei viktig forklaring på fallet i rekrutteringssuksess, seier havforskaren.
– I tillegg kan redusert tilførsel av dyreplankton frå Norskehavet og andre miljøendringar vere sentrale.
Mykje tyder på at ein kritisk fase er perioden frå torskeyngelen botnslår – når han går frå å leve i dei frie vassmassane til å slå seg ned på havbotnen – til han vert tre år gammal. Etter han botnslår, møter torsken eit heilt nytt miljø med nye byttedyr og nye predatorar.
Frå ein gjennomgang av ny kunnskap og nye data, skisserer havforskarane tre scenario som kan forklare den dårlege rekrutteringa:
1: Det har vore meir torskeyngel enn økosystemet kan livnære.
Økosystemet har nådd si bereevne, og klarar ikkje livnære alle avkomma frå den rekordhøge gytebestanden midt på 2010-talet. Slike tettleiksavhengige faktorar kan vere skral mattilgang, mangel på habitat eller predasjon.
– Sidan rekrutt-talet framleis er lågt etter at bestanden har minka kraftig, må slike faktorar ha eit betydeleg etterslep om dei skal forklare rekrutteringssvikten i dag, påpeikar Johannesen.
2: Bestanden har vorte mindre robust og produktiv.
Eit langvarig høgt fisketrykk kan ha ført til mindre mangfald i bestanden, noko som gjer han mindre robust og mindre produktiv.
– Det er dokumentert at høg snittalder på gytefisken og stort mangfald i bestanden er positivt for produktiviteten og kor motstandsdyktig han er i møte med miljøvariasjon, seier havforskaren.
3: Klima- og økosystemet har endra seg.
Lokal oppvarming, redusert atlantisk vasstransport og påfølgjande endringar i næringsnettet – som mindre dyreplankton – kan ha negativt påverka åtferda til gytefisken og overlevinga til dei tidlege livsstadia.
– Eit nordleg skifte i gyteområde kan vere ein indirekte følgje av varmare vatn. Dette kan ha ført til at torskeyngel ikkje veks like mykje i sitt første leveår, og difor er meir utsette, seier Johannesen.
– Det er likevel ingen enkeltfaktor som fullt ut kan forklare fråfallet av rekruttar.
Dei tre mogelege scenarioa ekskluderer ikkje kvarandre, og store usikkerheiter rår framleis. Ein ting er likevel klart:
– Låg rekruttering og høgt fisketrykk er ein dårleg kombinasjon, seier Johannesen.
For å unngå ytterlegare nedgang i skreibestanden og potensiell kollaps, peikar forskarane på kontrollert fisketrykk som det viktigaste tiltaket.
Det vil bidra til å auke gytebestanden og bevare mangfaldet i alder, storleik og geografisk fordeling av fisken, noko som gjev to viktige fordelar:
– Det vil auke sannsynet for betre framtidig rekruttering og leggje til rette for ein stor og mangfaldig skreibestand.
I sitt kvoteråd for 2027, tilrådde den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet ein svak oppgang, grunna ein middels sterk årsklasse på veg inn i den fiskbare bestanden. Endå havforskarane rådde om ein svak oppgang i kvote, har torskebestanden framleis lite suksess i rekruttering av ungfisk.
Johannesen, E., G. Ottersen, F. Berg, et al. 2026. “The Abrupt and Persistent Decline in Recruitment Success in Northeast Arctic Cod: A Review of Probable Causes.” Fish and Fisheries 27, no. 3: 643–659. https://doi.org/10.1111/faf.70074.