Gå til hovedinnhold

Havforskarane har saumfart «heile» Oslofjorden: Dette anbefalar dei vidare


To kvinner står bak på en båt

– Vi har fanga opp mange ulike element frå Oslofjorden frå inst til ytst, mellom holmar og skjær, i djupna og på grunna, seier Kleiven om førdata-innsamlinga. Her frå eitt av feltarbeida i prosjektet.

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Førdata fortel korleis Oslofjorden har det i dag – då kan vi også følgje effekten av dei innførte fiskeritiltaka.    

– Dette er frå Rauerfjorden i ytre Oslofjord. Dette området har vore utråla i 80 år. På botnen ser vi muddersjøroser, sjøfjær, gravehol – det er variert. Kontrasten er ganske stor til aktive trålfelt.

Havforskar Alf Ring Kleiven viser undervassopptak frå det siste året, filma som del av førdatainnsamlinga i Oslofjorden. 

– No kan vi følgje korleis tidlegare tråla landskap endrar seg over tid, etter fiskeritiltaka vart innførte. Både sjølve havbotnen, men òg artslivet i og på botnen. 

Sjå videoen frå botnen av Oslofjorden: 

Unik sjanse til å spore effektane

I løpet av ni månadar har forskarane dekka Oslofjorden frå topp til botn.

Havforskarane har mellom anna sett ut agna videoriggar på fjordbotnen, kartlagt fiskeførekomst med avanserte ekkolodd og kartlagd botntopografi med sjølvgåande undervassfarkostar. 

– Fiskeri er identifisert som ei viktig påverknadskjelde på økosystemet i Oslofjorden. Samstundes er fjorden utsett for mange stressfaktorar – som klimaendringar, utslepp av næringssalt og miljøgifter, seier Kleiven. 

Dataa forskarane har samla dannar grunnlaget for overvaking av Oslofjorden, og forskingsoppfølging av nullfiskeområda som vart etablerte 1. januar 2026. 

Dei tre nullfiskeområda er indre deler av Oslofjorden og ved nasjonalparkane i ytre fjord på Færder og Ytre Hvaler. 

– Nullfiskeområda gjev ei unik mogelegheit til å følgje kva konkrete effektar fiskeria har på det marine økosystemet, isolert frå endringar som skuldast andre faktorar – anten det er klimaendringar eller avrenning frå land. Det er sjeldan, seier havforskaren. 

Det er svært begrensa forsking på effektar av marint vern og bevaring i Noreg. Ei tiårig overvaking av Oslofjorden bøter på dette. 

foto av mann på dekket til en båt, foran en trommel
– Med nullfiskeområda kan vi samanlikne områder der ein ikkje fiskar med områder der fiske held fram. Samstundes vil andre stressfaktorarar vere like. Dermed kan vi måle effekten av å ikkje fiske, seier Kleiven. 
Illustrasjonfoto frå HI sitt brislingtokt i Oslofjorden, der vi kartlegg førekomsten av fisk med avanserte ekkolodd. 
​​​​​​Foto: Bente Kjøllesdal / HI

Men Oslofjorden er ikkje unik

Havforskingsinstituttet (HI) og ei rekkje andre institutt har levert sine anbefalingar til korleis nullfisketiltaket i Oslofjorden bør følgjast opp med forsking (sjå faktaboks). 

Metodane strekker seg frå å merkje og spore fisk og å setje ut videoriggar på havbotnen til å samle og opparbeide biologiske og kjemiske prøver frå økosystemet. Les alle anbefalingane her.    

– Mange år med følgjeforsking vil vere viktig for å gje gode svar på spørsmåla som er reiste i Oslofjorden. Då vil føreseielege rammer og standardiserte metodar vere avgjerande, seier havforskaren. 

Han peikar samstundes på meirverdien av å følgje opp fjorden med forsking. 

– Oslofjorden er ikkje unik. Det er liknande bekymringar og trendar også andre stadar langs kysten. Kunnskapane vi får ved å følgje opp Oslofjorden vil òg vere viktige for andre kystområde, avsluttar havforskar Alf Ring Kleiven.

Sjå også video av artslivet i Oslofjorden, samla inn i førdatainnsamlinga: