Tema: Polartorsk

HI-009551.jpg

Polartorsken kan bli opptil 25 cm og veie 100 gram. Den lever sjeldent mer enn 5 år. 

Fotograf: Monika von Minden / Havforskningsinstituttet

Polartorsk er ein pelagisk eller semipelagisk fisk, dvs. at han lever i dei frie vassmassane, men er oftast fordelt ned mot botnen, gjerne i svært tette konsentrasjonar. Han livnærer seg av planktonorganismar, men har ikkje gjellegitter slik til dømes sildefiskar har, så større plankton utgjer mesteparten av føda. 

Polartorsken er sjølv viktig føde for andre fiskeetarar som torsk, sel, kval og sjøfugl, og utgjer saman med lodda ein viktig brikke i økosystemet i Barentshavet.

Vandring

Polartorsken finst truleg i store deler av Polhavet, i Barentshavet, ved Grønland og ved Canada. I Barentshavet har han mest tilhald ved Svalbard og i dei nordlege og austlege delane av havet. Om vinteren kan han òg treffast nærare norskekysten. I Porsangerfjorden finst det ein eigen liten bestand.

Særtrekk

Som namnet seier er polartorsken ein kaldtvassart, som trivst best nord for polarfronten. Han har “frostvæske” i blodet som ei tilpassing til ekstremt kaldt vatn.

Gyteområde

Gytinga føregår om vinteren under isen, først og fremst i den søraustlege delen av Barentshavet, men truleg òg aust av Svalbard. Det tek lang tid før dei frittflytande egga klekker, men ut på sommaren og hausten er larvane spreidd over heile den austlege og nordlege delen av havet i tillegg til områda rundt Svalbard.

Den kjønnsmogne delen av bestanden beitar nord og aust for polarfronten, men samlar seg i oktober–november og vandrar sørover langs vestkysten av Novaja Semlja til dei viktigaste gytefelta i søraust.

Fiskeri

Polartorsken vart tidlegare fiska medan han var konsentrert under gytevandringa sørover langs kysten av Novaja Semlja seinhaustes. Noreg tok betydelege fangstar på 1970-talet. Totalfangsten på byrjinga av 1970-talet kom opp i 350 000 tonn, og den norske delen 15 000–20 000 tonn. Frå norsk side var dette eit notfiskeri, medan russarane fiska utelukkande med flytetrål. 

Dei seinare år har det ikkje vore fiska på bestanden, korkje frå norsk eller russisk side. 

Status, råd og fiskeri

Polartorskbestanden i Barentshavet vart hausten 2017 målt til rundt rekna 357 000 tonn. Dette er ein kraftig nedgong frå den overraskande høge målinga i 2016, kor bestandsnivået låg overraskande høgt og særleg 1-åringane var talrike.

Polartorsk har ikkje vore fiska på frå norsk side sidan byrjinga av 1980-åra, og ikkje i nemnande grad sidan byrjinga av 1970-åra. Ei akustisk mengdeberekning under økosystemtoktet i Barentshavet om hausten er den einaste undersøkinga Havforskingsinstituttet gjer av polartorsk. Kvote vert tradisjonelt sett etter rådgjeving utarbeidd av PINRO i Murmansk, men Russland har i seinare tid berre hatt ein liten forskingsfangst, og dei siste åra ingen fangst i det heile. Det er uvisst om mengdeberekninga gjev eit godt bilete av den totale bestandsstorleiken. 

Bestanden si geografiske avgrensing er lite kjent, og det er polartorsk lenger mot nord og aust enn det området som vert dekt under toktet. Dessutan er ofte store delar av bestanden konsentrert på eit lite område aust i Barentshavet. Om ikkje dette området vert dekt grundig, kan det gje opphav til store målefeil. Det var truleg noko slikt som skjedde i 2003 då bestanden vart målt til berre ein fjerdedel av storleiken året før og etter. Den store forskjellen mellom årets bestandsmåling og den i 2016 og kan også ha vore påverka av ulik dekningsgrad. 

Fiskeri

Polartorsken vert tradisjonelt fiska seinhaustes medan han er konsentrert under gytevandringa sørover langs kysten av Novaja Semlja. Totalfangsten på byrjinga av 1970-talet kom opp i 350 000 tonn, og den norske delen var då 15 000–20 000 tonn.

Nøkkeltal

SISTE ÅRS KVOTE: 0
SISTE ÅRS FANGST: 0
SISTE ÅRS NORSKE FANGSTVERDI: 0