Gå til hovedinnhold

Tilrår loddefiske i Barentshavet for første gong sidan 2018

Åtte-ni småfisk liggende i en åpen hånd.

Lodda i Barentshavet er eingongsgytar. Det betyr at ho døyr like etter gyting.

Fotograf: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet ICES kjem med kvoteråd for barentshavslodde.

ICES tilrår at det kan fiskast inntil 70 000 tonn barentshavslodde i 2022. Dette er første gong sidan 2018 at det blir tilrådd opning av loddefiskeriet i Barentshavet.

– Fiskeriet etter barentshavslodde skjer på modnande lodde som vandrar inn til kysten om vinteren for å gyta. I år blei det målt meir modnande lodde i Barentshavet enn dei siste åra, og det er særleg toåringane som er talrike, seier Georg Skaret, bestandsansvarleg for lodde.

Dei utgjer også størstedelen av den modnande bestanden. Det har ikkje vore målt slike mengder av toåringar sidan 1991. Dei har hatt svak vekst, truleg som følgje av auka intern konkurranse om føda. Det betyr at størstedelen av toåringane ikkje vil gå inn i den modnande bestanden før i 2023.

– Talet på eittåringar målt i år er også over langtidsgjennomsnittet, noko som betyr at me har to år på rad med god rekruttering for lodde i Barentshavet. Dette er lovande for utviklinga til loddebestanden i eit to-tre-årsperspektiv, seier Skaret.

Den endelege kvoten for 2022 blir fastsett i løpet av oktober av den norsk-russiske fiskerikommisjonen.

Sånn ser det ut når vi tar prøver av lodda: