Tilrår auka kvotar for både torsk, hyse, sei og snabeluer

C:\Users\vna\Downloads\HI-007630.jpg

Kvoterådet for torsk øker med 20 prosent fra årets kvote på 738 000 tonn.

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet ICES tilrår at torskekvoten i Barentshavet for 2021 blir auka med 147 600 tonn. I tillegg går ICES inn for at kvotane for både hyse, sei og snabeluer kan auke til neste år.

I dag legg ICES fram kvoteråda for dei store fiskebestandane i Barentshavet: nordaustarktisk torsk (skrei), nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite, snabeluer, vanleg uer og kysttorsk.

— Kvoterådet for 2021 er 885 600 tonn, som er ein auke på 20 prosent frå årets torskekvote på 738 000 tonn, seier havforskar Bjarte Bogstad.

Han er Noregs representant i ICES sin rådgivande komité (ACOM) og bestandsansvarleg for torsk ved Havforskingsinstituttet.

Bestanden blir hausta på berekraftig vis

Grunnen til den kraftige auken er ikkje at det er nye, sterke årsklasser på veg inn i fisket, men at bestandsnivået er oppjustert frå i fjor for dei fleste årsklassene som blir fiska på.  

− Sidan vi har observert svakare individuell vekst og auka kannibalisme i torskebestanden, kan rådet verke overraskande. Men her må ein hugse på at haustingsregelen for denne bestanden seier at ein kan fiske hardare på bestanden dersom gytebestanden er så høg som no, seier Bogstad.

Dei siste åra har torskekvotane vore minkande frå eit rekordhøgt nivå rundt 2013, men er framleis høge. ICES meiner torskebestanden i Barentshavet er stor, at den blir hausta på berekraftig vis og at den har full reproduksjonskapasitet.

— Men vi kan ikkje rekne med at kvotane kan liggje så høgt som 2021-rådet tilseier i dei etterfølgjande åra, seier Bogstad.

Opp for hyse og sei

ICES tilrår endringar i kvotane for fleire av dei andre fiskeartane nord for Stad, det vil seie nord for 62. breiddegrad.

— ICES tilrår at hysekvoten blir auka til 232 537 tonn, frå årets kvote på 215 000 tonn. ICES tilrår også at seikvoten kan aukast frå årets kvote på 171 982 tonn til 197 779 tonn, seier han. For blåkveite blir fjorårets råd på 23 000 tonn ført vidare.

For uerbestandane blir det gitt råd for to år framover. For snabeluer er kvoterådet for 2021 66 158 tonn og for 2022 67 210 tonn. For vanleg uer tilrår ICES nullfiske både for 2021 og 2022. 

Ikkje nokon bestemt kvote for kysttorsk

ICES anbefaler ikkje nokon bestemt kvote for kysttorsk nord for Stad. I staden går tilrådinga ut på at den noverande gjenoppbyggingsplanen for denne bestanden blir følgt opp. Ein ny forvaltingsplan er under arbeid.

Sjølve kvotane for torsk, hyse, blåkveite og snabeluer blir endeleg bestemt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen i oktober, medan Noreg er aleine om å fastsette seikvoten.

Kvoterådet for lodde blir klart rundt 10. oktober.

Liten effekt av korona

— Koronaviruset har ikkje verka inn på innsamlinga av data som vi har brukt i årets rådgjeving, men heile rådgjevingsprosessen har vi i år gjennomført via nettmøte. Dette har gått bra, men diskusjonane blir ikkje heilt dei same på nettmøte som på vanlege møte, seier Bogstad.

For dei fleste bestandane er rådgivingsdokumenta frå ICES forkorta noko på grunn av koronasituasjonen. Fjorårets råd frå ICES, som har meir utfyllande informasjon, ligg som vedlegg til årets råd. I omsetjinga av råda ligg litt av denne informasjonen.

Lenke til rådene hos ICES her.