Gå til hovedinnhold

Her får HI-flaggskipet nytt og betre «støpsel»

Dermed kan "G.O. Sars" rigge seg for nye tokt med straum frå land.

Forskingsfartøyet «G.O. Sars» har til no kunna ta inn straum til lys og oppvarming når det ligg til kai. No får flaggskipet utvida kapasiteten betrakteleg hos Måløy-verftet Båtbygg.

– Det gjer at mannskapet kan bruke hydraulikk, pumper og anna utstyr mens dei ligg til kai, utan å lage straum med dieselmotor. Dei vil kunne rigge seg for tokt med berre landstraum, fortel senioringeniør Roy Åge Klepsvik.

Han er ansvarleg for skipsteknisk drift for fleire fartøy i flåten som Rederiavdelinga bemannar og driftar.

– Det er naturlegvis betre for miljøet og bylufta, men gjer også at skipa ikkje støyar for naboane, seier han.

Dei fleste større hamnene i Norge bygger ut landstraumanlegg. Det er også  tilgjengeleg på plassane HI disponerer i Bergen hamn.

Får fleire korona-oppgraderingar

HI har sjølv betalt for landstraumsoppgraderinga. Men Båtbygg gjer også ei rekke andre oppgraderingar på «G.O. Sars», bestilt med pengar frå regjeringa si korona-tiltakspakke 3.

Oppdraget er verdt cirka 20 millionar kroner totalt.

– Blant anna får vi oppgraderingar på dei diesel-elektriske motorane, ny hjelpemotor, reinsesystem for ballastvatn for å ikkje ta med oss dyr og organismar til nye stader, nytt instrumentrom til forskarane, ny lettbåt, nytt brannalarmanlegg, nye lyskastarar og meir til, seier Klepsvik.

«Johan Hjort» og «Kristine Bonnevie» har også blitt tildelt midlar i tiltakspakke 3. Dei er begge eldre fartøy, og har stadig behov for oppgradering for å kunne operere innanfor det regelverket og dei forventingane til kapasitet som finst til ei kvar tid.

HI har rammeavtale med Båtbygg for vedlikehald- og oppgraderingsarbeid.

«Veslebror» har powerbank om bord

Alle fartøya til Havforskingsinstituttet har ulike anlegg for å kunne bruke landstraum.

Mest avansert er el-hybrid-systemet i «Johan Hjort». Fartøyet fekk inn ein stor batteripakke i ei omfattande oppgradering i 2017. Til kai ladar batteria samtidig som dei som gir straum til forbrukarar om bord.

På sjøen gir batteria straum til motorane viss dei treng ekstra mykje kraft. Dette blir kalla «peak shaving» – du «barberer vekk» forbrukstoppane.

– I ein dieselbil har du lågt forbruk på langtur. Men i byen, med gassing og start og stopp, skyt forbruket til vêrs. Det er i tilsvarande situasjonar at batteripakken på «Johan Hjort» slår inn, forklarar Klepsvik.

Teknologien er ny, og systemet har trengt fleire år med innkøyring og tilpassing. Men Klepsvik er nøgd med at det no fungerer bra på «Johan Hjort».

Har sett av plass i nytt kystfartøy

I det planlagde nye kystfartøyet HI skal bruke i Nord-Norge, er det lagt opp til at liknande teknologi kan settast inn seinare.

– I designet har vi tatt høgde for at det skal bli enklast mogleg å sette inn for eksempel ein batteri- eller brenselcellepakke, når det blir tilgjengelege midlar og pakkane er blitt mindre og meir «energitette» enn i dag, seier Klepsvik.

Les også: Fremtidsrettet HI-flåte: Nye farkoster med og uten mannskap styrker havovervåkningen